Haust

Meistring og fysisk aktivitet – om ein er nedstemt og har depressive plager

Samlingsbasert kurs som har fokus på læring av verktøy og fysisk aktivitet for å handtera at du er nedstemt og har depressive plager.

Kurset er eit samarbeid mellom Frisklivssentralen og Rask psykisk helsehjelp. Kurset er over 8 samlingar med to timar undervisning etterfølgd av ein time fysisk aktivitet. Undervisninga er basert på kognitiv åtferdsterapi/fysisk aktivitet og følgjer same innhaldet som kurs i depresjonsmeistring. Undervisninga er ei blanding av teori, fysisk aktivitet, heimearbeid og reflekterande oppgåver.

 

Fysisk aktivitet

God mental helse og fysisk aktivitet går hand i hand. Pulsauke gjennom fysisk aktivitet er ein sterk bidragsytar til å redusera mellom anna depressive symptom på grunn av fysiologiske prosessar som skjer i kroppen ved pulsauke. Fysisk aktivitet kan for mange kjennes ubehageleg då det framkallar dei same symptoma me kjenner på i ubehagelege situasjonar. Men ved å skapa desse reaksjonane gjennom jamleg fysisk aktivitet blir me meir rusta til å handtera symptoma i andre settingar òg.

For å få best mogleg effekt så handlar det om eit dose-responsforhold. Jo høgare intensitet og regelmessigheit, jo betre effekt. På slutten av kvar kursdag er det trening leidd av fysioterapeut.

Treninga vil bli individuelt tilpassa slik at ho passar for alle uansett fysisk form. Målet med treninga er å kjenna meistringskjensle, framgang og motivasjon til vidare trening når kurset er over.

Kurset passar for personar som er plaga med lettare former av å vera nedstemd og deprimert , eller tidlegare har vore plaga med å vera nedstemd og ha depresjon. For å delta vert det føresett at ein har eit tilnærma normalt funksjonsnivå.

Det blir ikkje stilt krav til aktiv deltaking i undervisning. Om ein ønskjer å koma med døme eller dela ei erfaring, så er det veldig fint og me prøver å gjera tema så generelle som mogleg, slik at alle kan få utbytte av det som blir drøfta. Me håpar at alle deltek i delen med fysisk aktivitet då det blir rekna som veldig positivt og helsefremjande, spesielt i forhold til nedstemthet og depressive plager.

Kursmateriell er gratis og undervisning/trening blir halden på Odda Helsehus.
Aktuelle deltakarar vil bli kalla inn til ein samtale i forkant av kurset.

Kursleiarar er Sindre Kvebæk og Kamilla Lauritzen.

Praktisk info

  • Stad: Odda Helsehus
  • Tid: 09.00 – 12.00
  • Kursdatoar:
    • 23. oktober
    • 30. oktober
    • 6. november
    • 13. november
    • 20. november
    • 27. november
    • 4. desember
    • 11. desember
  • Frist for påmelding: 9. september (send namn og tlf nr til ↓)

 

Påmelding eller spørsmål:

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48