Produksjonssvikt skal no meldast digitalt
Informasjon frå Landbruksdiretoratet.
Produksjonssvikt er tilskotsberettiga viss det kjem av klimatiske årsaker. Ved mistanke om skade skal kommunen varslast omgåande. Meldinga skal i år leverast digitalt.
Tidlegare har denne meldinga vore gitt til kommunen via e-post, telefon eller på annan måte. Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing, der føretaka melder om skade og mogleg produksjonssvikt via Altinn.