Mann som holder eit tak over eit spørsmålsteikn

Eigedomsskattenemnder i kommunen

Kommunestyret vel sjølv medlemmer og varamedlemmer til Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt og Klagenemnd for eigedomsskatt, og blant medlemmene leiar og nestleiar. I tillegg skal det veljast varamedlemmer. Vedtaket kan ikkje delegerast til formannskapet. Valperioden fylgjer kommunevalperioden. Faste medlem av formannskapet kan ikkje vere med i eigedomsskattenemnder jf. eigedomsskattelova § 21. Viser elles til kommunelova og eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune.

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt

Med heimel i eigedomsskattelova § 8 A-3 (4) vel kommunestyret ei sakkunnig nemnd for eigedomsskatt til å verdsetja eigedomar i Ullensvang kommune på bakgrunn av forslag frå synfaringsmenn. Sakkunnig nemnd skal ha minst tre medlemmer jf. kommunelova.

 

Medlemmer i sakkunnig nemnd for eigedomsskatt

VervNamn
VervLeiarNamnVidar Solvi
VervNestleiarNamnIsak T. Reisæter
VervMedlemNamnLiv Eikemo Opdal
VervVara 1NamnKnut Byrkjenes Hauso
VervVara 2NamnLiv Sollesnes
VervVara 3NamnKnut Flatebø

 

Klagenemnd for eigedomsskatt

Med heimel i eigedomsskattelova § 20 vel kommunestyret klagenemnd for eigedomsskatt. Dei skal handsama klager når skattytar ikkje får mehald eller berre delvis medhald i Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt. Klagenemnd for eigedomsskatt skal ha fem medlemmer jf. eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune pkt. 1.2.

 

Medlemmer i klagenemnd for eigedomskatt

VervNamn
VervLeiarNamnPer Helge Sekse
VervNestleiarNamnOlav Magnus Hammer
VervMedlemNamnNils Petter Freim
VervMedlemNamnEvelyn Sekse Haustveit
VervMedlemNamnKjellaug Hoås Samland
VervVara 1NamnKnut Bårtvedt
VervVara 2NamnLars-Arne Eide
VervVara 3NamnBente Bjotveit
VervVara 4NamnEmil Tomasgard
VervVara 5NamnMargreta Sandvin Eiken