Gards- og bruksnr.

Kartverket har godkjent nye gardsnummer for 4618 Ullensvang kommune.

I godkjenninga var det satt vilkår om at realsameige under gnr. 74 i Ullensvang skulle bli ført over til Voss. Ullensvang herad har orientert Kartverket om retting av tilhøva, slik at dette ikkje lenger er aktuelt. Det er gnr. 122 – 128 i Ullensvang som er omfatta av grensejusteringa.

Kva blir ditt nye gards- og bruksnummer?

  • Odda kommune vert det ingen endringar i gards- og bruksnummer i ny kommune
  • Ullensvang herad vil få eit siffer i tillegg (1 eller 2) framfor det gamle gardsnummeret i ny kommune.
  • Jondal kommune vil få talet 3 i tillegg framfor det gamle gardsnummeret i ny kommune.