VA-norm for kommunen

Hardanger, Sunnhordland og Haugalandet har gått saman om å utarbeide ei felles kommunalteknisk VA norm. Arbeidet har skjedd i regi av Vann Vest. 

VA norma representerer førehandgodkjente løysingar på korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast. 

Bruk av alternative løysingar/materiale er ikkje forbode, men i slike tilfelle skal desse godkjennast særskilt av VA ansvarleg i kommunen.

Lokale reglar (det som står i dei røde boksane i hovuddokument) er alltid overordna andre/sentrale reglar (det som ikkje står dei rød boksane i hovuddokument) i den grad det er motstrid mellom desse.