Søka helse og omsorgstenester

Vi skal sikre lik tilgang på helse- og omsorgstenester for alle innbyggjarar, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.

Kven kan søkje?

For å søkje om tenester må du:

  • Bu eller opphalde deg i kommunen.
  • Ha behov for helse- og omsorgstenester.

Kva kan du søkja om?

Kommunen har ulike helse- og omsorgstenester. Du kan ta kontakt med tildelingskontoret dersom du treng informasjon om kva tenester som fins, og kva som kan passe for deg i din situasjon. Målet er å finne individuelle løysingar som bidreg til at du kan fungere best mogleg i daglege aktivitetar. 

Kommunen gjer ei heilskapleg og individuell vurdering av kva hjelp som er mest hensiktsmessig for å dekke behovet for bistand.

Tenester du ikkje kan søkje om via dette skjemaet:

Slik søkjer du

Du kan søkje om tenester ved å sende inn søknadsskjema digitalt. Den som fyller ut skjema, søkjar eller verge, må identifisera seg via ID-porten.

Søk om helse- og omsorgstenester

Du kan og søkje ved å fylle ut skjema på papir. Last ned søknadsskjema, eller hent det ved ein av våre helse- og omsorgstenester eller på innbyggjartorget.

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

I søknad

Skildre bakgrunnen for søknaden, dette kan til dømes vera: 

  • kva behov du har
  • kva hjelp du opplever at du treng
  • kva du meistrar sjølv
  • kva du har utfordringar med
  • kva tiltak som alt er prøvd ut  

Du kan leggje ved dokument, til dømes om du har vore hos ein spesialist, PPT eller privat behandlar. Dokument frå fastlegen din kan vi innhente sjølve.

Du må signere søknaden sjølv, eller gi fullmakt dersom nokon søkjer på vegner av deg

Kva skjer vidare?

Alle søknadar blir behandla konfidensielt. Opplysningar som er underlagt teieplikt er unnatekne offentleg innsyn etter Offentleglova § 13 og Forvaltningslova § 13.

Tildeling etter søknad og faglege vurderingar:

Svar på søknad

Du kan forventa å få svar innan fire veker. Dersom saksbehandlinga tek lengre tid, får du eit varsel om dette innan fristen. 

Svar på søknad (vedtak) får du via digital post. Om du har reservert deg mot digital post svarer vi deg via brevpost. 

Vedtaket vil innehalde ei grunngjeving for kvifor du får, eller ikkje får, ei teneste. Det vil også innehalde kva teneste(r) du eventuelt har fått innvilga. Melding om vedtak vert vidaresendt av kommunen til utførande verksemd.

Akutt behov

  • Ved akutte situasjonar eller utskriving frå sjukehus vil vedtak bli fatta raskt, og kartlegging skjer undervegs eller i ettertid.
  • Nokre søkjarar vil få eit førebels svar med endeleg vedtak innan ei oppgitt tidsfrist.

Venteliste

  • Dersom det er knappheit på tenester (t.d. omsorgsbustader og sjukeheimsplassar), vil søkjaren bli sett på ei venteliste.

Regelmessig evaluering

  • Alle vedtak blir revurderte minst ein gong i året.
  • Dersom behovet ditt endrar seg, må du gi melding til tenesta.

Klage

Det er klagerett på vedtaket. Send klage til tildelingskontoret innan ein frist på fire veker frå den datoen du fekk vedtaket.

Dersom kommunen opprettheld vedtaket, blir klaga sendt vidare til Statsforvaltaren. 

Klager på utføring av tenester må rettast til den verksemda som gir tenesta.

Prisar

  • Naudsynt helsehjelp er gratis.
  • For andre tenester kan det vere ein eigenandel.

Her finn du prisar på eigenbetaling

Lover og reglar

  • Helse- og omsorgstenestelova § 2-2
  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-7
  • Forvaltningslova kap. V
  • Offentleglova § 13 (teieplikt)
  • Forvaltningslova § 13 (handsaming av teiepliktige opplysningar)