Handbok for eigenbetaling

6 Tidsrom for betaling av egenandel

Forskrift

§ 6.Tidsrom for betaling av egenandel

For langtidsopphold kan krav om egenandel først gjøres gjeldande etter en månad regnet fra innflyttingsdato. Ved flytting direkte fra annan institusjon eller privat forpleining skal tida for opphold i denne institusjon mv. medregnes.

Kommunen har tilgang til å ta betaling for korttidsopphold og dag- eller nattopphold fra første dag.

Har beboeren hatt fleire korttidsopphold kan kommunen krev egenandel etter § 3 når vedkommende har vært på institusjon i minst 60 døgn pr. kalenderår.

Plikten til å yte egenandel gjelder til og med den dag institusjonsoppholdet opphører.

Retningslinjene til Ullensvang kommune til § 6 første ledd

Langtidstidsopphald/korttidsopphald/avlastningsopphald i annan institusjon

I løpet av eit langtidsopphald kan institusjonsbebuar bli innlagt i sjukehus, eller av andre årsaker vera fråverande frå institusjonsplassen. Med mindre anna er avtalt mellom bebuar og kommunen vil plassen stå til disposisjon for vedkomande, uavhengig av om vedkomande nyttar seg av tilbodet eller ikkje. Følgja av dette er at bebuar er vederlagspliktig for plassen.

§ 6 første ledd til vederlagsforskrifta, kjem det fram at krav om vederlag for langtidsopphald først kan gjerast gjeldande etter ein månad rekna frå innflyttingsdato. Ved flytting frå annan institusjon eller privat forpleiing skal tida for opphald i denne institusjonen, mfl. bli medrekna. Bebuarar som blir overført frå ein annan institusjon har krav på betalingsfri i ein månad (friperiode) etter innflytting. Dette gjeld likevel ikkje bebuarar som blir overført / flyttar frå institusjon med vederlagsplikt eller har vore på korttidsopphald/avlastningsopphald over 60 døgn i kalenderåret.

Retningslinjene til Ullensvang kommune til § 6 tredje ledd

§ 6 tredje ledd til vederlagsforskrift, kjem det fram at for bebuarar som har hatt fleire korttidsopphald kan kommunen krevja vederlag etter vederlagsforskrifta § 3, når vedkommande har vore på institusjon i minst 60 døgn pr. kalenderår. Bebuarar som blir tildelt fast plass i institusjon i Ullensvang kommune skal derfor ikkje ha ein friperiode på ein månad.

Kor mange dagar er det i ein månad?
Denne problemstillinga oppstår både der bebuar som har vedtaksdato på andre dagar i månaden enn den 1. og dessutan ved avrekning for dødsmånad/utflyttingsmånad ved døde/utflytta bebuarar. Ullensvang kommune legg til grunn at det blir berekna gjennomsnitt 30 dagar pr. månad.