Handbok for eigenbetaling

7 Hvilke tjenester vert omfatta av egenandelen

Forskrifta

§ 7. Hvilke tjenester vert omfatta av egenandelen

Egenandelen skal omfatte kost, losji, medisinar mv. samt helse- og omsorgstenester som kommunen organiserer etter helse- og omsorgstjenesteloven.

§7 i forskrifta seier kva eigenandelen skal dekke - Retningslinjene til Ullensvang kommune til § 7:

Spesialisthelsetenesta/kommunal legevakt:

  • Ullensvang kommune dekker eigenandel for spesialisthelsetenesta/kommunal legevakt ved korttidsopphald og langtidsopphald

Utgifter til medisiner:

  • Det står klart i vederlagsforskrifta §7 at medisinar skal dekkast av vederlaget. Dette gjeld for alle bebuargrupper (unntak er avlastningsopphald)

Fysioterapi, ergoterapi og fotterapi:

  • Ullensvang kommune dekker fysioterapi og ergoterapi. Fotterapi utført av fotterapeut må bebuar sjølve betala for

Tannhelseteneste:

  • Ullensvang kommune dekker utgifter til nødvendig tannbehandling ved den offentlege tannhelsetenesta. Ved korttidsopphald blir det berre gjeve nødvendig tannbehandling om bebuar har hatt heimeteneste i over 3 mnd. Tannhelsetenesta dekker utgifter til gebiss, men dekker ikkje til tannimplantat

Transport- og reiseutgifter:

  • Ullensvang kommune dekker nødvendige reiseutgifter
  • Til institusjonsopphald ( langtidsopphald og korttidsopphald)
  • Til reiseutgifter til dagaktivitetstilbod og dag-/nattopphald

Kost og losji:

  • Ullensvang kommune dekker kost og losji

Hygieneartiklar:

  • Ullensvang kommune dekker såpe, sjampo, tannkrem, barberartiklar og liknande. Dersom bebuar likevel ønskjer å bruka andre typar/merker enn det institusjonen kjøper inn, må bebuar sjølv betala for dette

Utgifter til media og telefon:

  • Bebuars eigne utgifter til media, som blant anna TV, aviser, tidsskrifter og internett vert ikkje dekka av eigenandelen for opphald i institusjon
  • Dei fleste sjukeheimar har driftsavtale med leverandør om levering av TV- og internettstenester til sjukeheim som bebuar kan nytta seg av. Ønskjer bebuar andre tilbod må bebuar sjølv betala for dette
  • Utgifter til privat telefon vert ikkje dekka av Ullensvang kommune

Utgifter til frisør og kroppspleie:

  • Eigenandelen dekkjer ikkje utgifter til frisør, fotterapeut og anna kroppspleie. Men dagleg hår- og tannstell som vert utført av institusjonens eige personell inngår i eigenandelen

Briller og høyreapparat:

  • Briller og høyreapparat vert ikkje dekka av Ullensvang kommune, men Ullensvang kommune dekker utgifter til kontroll av høyreapparat. Batteri til høyreapparat må bebuar sjølv betala for

Private klede:

  • Ullensvang kommune dekker nødvendige utgifter til vask og stryking av private klede og enkle reparasjonar som f.eks. sying av knappar og liknande
  • Ullensvang kommune erstattar klede som vert øydelagde av institusjonen

Ortopediske og tekniske hjelpemiddel:

  • Ullensvang kommune dekkjer større tekniske hjelpemiddel ( senger, personløftarar osv.) og hjelpemiddel til korttidsbruk ( rullestolar og liknande) ved innlegging på institusjon

Avlastningsopphald:

  • Ullensvang kommune dekker ikkje utgifter til medisin, transport og lege