Retningslinjene til Ullensvang kommune § 5 første ledd
Heimebuande ektefelle – vilkår
Vilkåret for å utløysa frådragsrettar etter § 5, 1. ledd jf. 2. ledd er at det gjeld eit ekteskap eller eit registrert partnarskap. Sambuarar må ha vore registrert på same adresse i Folkeregisteret.
Heimebuande barn – vilkår
Vilkåret for å utløysa frådragrettar er at bebuar er far eller mor til barnet/barna, dvs. at det gjeld fødselsattest eller adopsjonsattest på at bebuar er mor eller far til barnet/barna. Definisjon på alder til barn: s. 172 i boka om «Betaling for bebuarar på institusjon», forfattarar Åsmund Edvardsen og Leif Kåre Helland
Retningslinjene til Ullensvang kommune til § 5 andre ledd:
Når ein bebuar får langtidsopphald sendar Ullensvang kommune melding til NAV om å starte omrekning av bebuars og heimebuande si pensjon til pensjon som om dei var einslege. Såkalla «tenkt etterlattepensjon»
Samansetning av etterlattepensjonen kjem fram av folketrygdlova §17-7.
Her står det:
Pensjon og overgangsstønad til attlevande ektefelle består av grunnpensjon, tilleggspensjon, inntekstpensjon og/eller pensjonstillegg.
Grunnpensjonen blir fastsett på grunnlag av den avlidne trygdetid etter avgjerdene i §§ 3-2 og 3-7.
Tilleggspensjonen blir fastsett etter avgjerd i § 3-23.
Pensjonstillegget blir fastsett etter avgjerdene i § 3-3.
Modell 1: 1G, pluss 55 % av tilleggspensjonen til institusjonsbebuar pluss 55 % av tilleggspensjonen til ektefelle = tenkt etterlattepensjon
Modell 2: 1G, alternativ grunnbeløp + pensjonstillegg= storleiken på grunnbeløpet = tenkt etterlattepensjon
Modell 3: 1G, alternativ grunnbeløp + hjemmeboende/ektefelle tilleggspensjon = tenkt etterlattepensjon
I merknadane til § 5, 2. ledd står også å lese at ved beregningen av frådraget skal brutto pensjoner reduseres krone for krone mot heimebuande arbeidsinntekter og pensjoner fra folketrygden.
Det ektefelle sitter igjen med i tillegg til eigen inntekt er dermed mellomlegget mellom denne og det som er berekna t i tenkt etterlattepensjon.
Retningslinjene til Ullensvang kommune til § 5 fjerde ledd
Frådrag på utgifter til bustad
Vurderingar blir gjort ut frå følgjande kriterium:
Kommunen kan gje deg frådrag for faste og dokumenterte utgifter til eigen bustad/leilegheit. Dette gjeld utgifter som husleige, kommunale avgifter, straum (fastsett pris), hus og innbuforsikring. Frådraget blir gitt etter vurdering av dei økonomiske forholda.
Bebuar med heimebuande ektefelle/barn
Ved korttidsopphald over 60 døgn i kalenderåret dvs. frå den dagen du byrja å betala etter inntekt blir det gitt frådrag for bu-utgifter etter søknad frå bebuar/pårørande.
Det blir gitt frådrag om bankinnskotet til bebuar er under 2G (grunnbeløp) ved innflytting.
Med verknad frå og med 01.01.2023 blir det gitt frådrag for bu-utgifter i Ullensvang kommune med inntil 4 månader for eigen bustad/leilegheit.
Bebuar utan heimebuande ektefelle
Ved langtidsopphald kan det bli gitt frådrag om bankinnskot til bebuar er under 2G (grunnbeløp) ved innflytting etter søknad frå bebuar/pårørande.
Med verknad frå og med 01.01.2023 blir det gitt frådrag for bu-utgifter i Ullensvang kommune med inntil 4 månader for eigen bustad/leilegheit. Frådraget blir ikkje gitt utover 4 månader.
Det blir ikkje gjeve bufrådrag til bebuar med heimebuande ektefelle, som får pensjon som einsleg frå NAV.