Retningslinjene til Ullensvang kommune til § 4
Kva er korttidsopphald?
Korttidsopphald særpregar seg ved å vera tidsavgrensa, slik at vedtaket blir frå-dato og til-dato. Sjølve opphaldet kan likevel godt vera kalla rehabiliteringsopphald, vurderingsopphald, korttidsopphald eller anna. Korttidsopphald blir gitt både i institusjon og bustader med heildøgns omsorg og pleie.
Avlastningsopphald i samsvar med helse og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd, og dessutan §3-6, punkt 2. Dette har samanheng med at avlastningsopphald blir innvilga av omsyn til pårørande, og ikkje av omsyn til brukar sjølv. Verken brukar eller pårørande skal dermed måtta betala for slikt opphald.
Betalingsreglane
Betalingssatsane for korttidsopphald, dagopphald og nattopphald blir fastsett ved kongeleg resolusjon. Kommunestyret fattar vedtak i samband med dei årlege budsjettbehandlingane i tråd med dei maksimalsatsar for betaling som blir fastsette ved kgl. res.
Betalingssatsane blir gjeldande frå 01. jan. kvart år.