Er du bekymra for nokon?

Du kan skriva ei bekymringsmelding når du som pårørande eller bekjent er bekymra for ein anna person sin helsetilstand.

Kva du kan melde bekymring om?

Eksempel:

  • Generell helsetilstand og funksjon i kvardagen 
  • Pasienten si oppfølging av behandlinga 
  • Effekt av behandlinga 
  • At den som er sjuk, er til fare for seg sjølv eller andre 
  • Svikt i hjelpa 
  • At pasienten har grunnleggjande behov som ikkje blir dekte 
  • Barn som ikkje har det bra 

Bekymringsmelding bør innehalde

  • Namnet på den du er bekymra for
  • Fødselsdato og adresse
  • Kontaktinformasjon til avsendar
  • Beskriving av det som er årsaka til bekymring, gjerne med konkrete eksempel

Kvar skal du sende meldinga?

Dersom du veit kven som er fastlegen til den anteke sjuke, er det beste å sende bekymringsmeldinga rett til fastlege eller legekontoret. Dersom du veit at pasienten har tenester i kommunen, kan du også kontakte tenestestaden direkte.

Dersom du ikkje veit kven fastlegen eller tenestestad er, kan du sende ei bekymringsmelding til Tildelingskontoret. 

Det er viktig å vere klar over at bekymringsmeldinga ofte vert vidaresendt frå Tildelingskontoret til fastlegen, heimetenesta eller andre aktuelle instansar. Dette inneberer også at den blir lagra i pasienten sin journal. Pasienten får då tilgang til bekymringsmeldinga.

NB! Bekymringsmelding skal ikkje sendast på e-post!