Privat avlasting

Privat avlasting er eit tilbod til pårørande/føresette med eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Ordninga inneber at ein privatperson blir tilsett av kommunen som avlastar og tek over omsorga i periodar, slik at pårørande får nødvendig kvile og fritid.

Kven kan få tilbodet?

Du kan få tilbodet dersom du har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for barn og unge under 18 år, som har ein psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting. 

Tilbodet gjeld for deg dersom: 

  • Omsorgsarbeidet utgjer mange timar kvar månad
  • Omsorgsarbeidet er omfattande og krevjande fysisk og/eller psykisk. 
  • Omsorgsarbeidet krev mykje nattarbeid eller fører til avbroten søvn.
  • Omsorgsarbeidet varer over tid. 
  • Omsorgsarbeidet er ei årsak til sosial isolasjon. 
  • Omsorgsarbeidet er så krevjande at du treng opphald i oppgåvene for å kunne halde fram å yte omsorgsarbeidet. 

Kva kan du få hjelp til?

Føremålet med tilbodet er å avlaste deg som er pårørande ved å : 

  • Hindre at du vert overbelasta
  • Gje deg mogelegheit til naudsynt og regelmessig fritid og ferie
  • Bidra til å oppretthalde gode familierelasjonar
  • Bevare sosialt nettverk
  • Gje deg mogelegheit til å delta i vanlege aktivitetar

Avlasting kan bli gitt:

  • I brukar sin eigen heim, på fritidsaktivitetar eller i avlastar sin heim. 
  • Timebasert – på ettermiddag eller i helg.
  • Døgnbasert – avlasting i private heimar.

Kommunen har ansvar for å følgje opp og rettleie avlastaren.

Slik søkjer du

Du kan søkje om helsetenester i heimen ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Pris

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for privat avlastning.

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lovar og reglar

  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-6  
  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a 
  • Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator  
  • Forskrift om arbeidstid for avlastarar (SGS 1030)