Tenester for flyktningarFlyktningtenesta i kommunen har ansvar for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar, som etter avtale med IMDi vert busett i kommunen.Vi hjelper busette flyktningar og familiane deira med å bli sjølvstendige og ta ansvar for eiga livssituasjon. Målet er at dei skal:Finne seg til rette i arbeid, skule og nærmiljøetDelta aktivt i samfunnetFå rettleiing og støtte for å nytte eigne ressursarRolle og ansvarFlyktningtenesta fungerer som ein koordinator mellom flyktningane og andre offentlege tenester. Vi tilrettelegg og gir rettleiing slik at flyktningane får best mogleg start i sitt nye lokalsamfunn.Vi møter alle med: RespektForståing Fagleg kompetanseArbeidet vårt er basert på hjelp til sjølvhjelp og eit ressursfokus.IntroduksjonsprogrammetFlyktningtenesta har ansvar for kommunen sitt introduksjonsprogram. Programmet gir deltakarane:Grunnleggjande ferdigheiter i norskInnsikt i norsk samfunnslivFørebuing til arbeid eller utdanningSamarbeidVi jobbar tett med vaksenopplæringa og lokale bedrifter for å sikre eit tilpassa program for kvar deltakar.