Nettkurs - Tips som kan betra økonomien din
Dette er eit kurs for alle – uansett inntekt og forkunnskapar om økonomiske forhold.
Storyen
På kurset får vi følge Ole som leiger leilegheit og jobbar som butikkmedarbeidar. Han fortel ofte at han ikkje har pengar igjen når månaden er slutt. Han slit med å få endane til å møtast.
Korleis går det med Ole når han begynner å sjå nærare på sitt eige forbruk?
Kurset tar utgangspunkt i ei praktisk tilnærming til Ole sin økonomi, der råd som blir gitt til Ole kan overførast til eigen økonomi.
Kva grep kan du ta i ditt eige budsjett? Kjem Ole til å få moglegheit til å realisere eigne draumar når det gjeld økonomi? Kva risikoar finst med tanke på lån/kreditt? Og kva må du gjere når du får brev frå namsmannen?
Her er det mykje god kunnskap og nyttige tips å få med seg, til glede for din eigen økonomi.