Fysioterapi

Fysio­terapeutane gjev kurative og førebyggjande tenester til barn/unge, vaksne og eldre med funksjonsvanskar grunna sjukdom, skade, smerter eller anna. Tiltaka har som mål å fremja deltaking, meistring og sjølvstende i eigen kvardag.

I den kommunale fysioterapitenesta finn ein både fysioterapeutar som er tilsett i kommunen og fysioterapeutar med driftsavtale.

Kva kan du få hjelp til?

  • Undersøking, vurdering og kartlegging
  • Behandling og oppfølging individuelt og/eller i gruppe 
  • Habilitering og rehabilitering, i og utanfor institusjon
  • Rettleiing, informasjon og undervisning til pasient, pårørande eller andre fagpersonar
  • Formidling og tilpassing av hjelpemiddel 
  • Gruppetrening 
  • Palliativ behandling
  • Anna førebyggjande og helsefremjande arbeid 

Slik søkjer du

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut. 

Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, ved å møta på besøksstad eller ved å sende inn skjema.

Kontaktskjema/tilvising fysioterapi

Fysioterapeutar i kommunen 

Kva skjer videre?

Kontaktskjema/tilvising vert registrert på venteliste etter prioritet. Du vert kontakta av fysioterapeut for oppfølging.

Prisar

Ergo- og fysioterapitenesta i kommunen nyttar sentralt regulerte takstar for fysioterapibehandling. Desse gjeld for fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen og for kommunalt tilsette fysioterapeutar.

Dei fleste må betale ein eigendel når dei har time hos fysioterapeut, med unntak av nokre grupper:

  • barn under 16 år
  • personar med godkjent yrkesskade
  • personar med frikort for helsetenester

Ein får delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Fysioterapeuten rapporterer til HELFO og du vil automatisk få frikort ved oppnådd eigendelstak.

Informasjon om eigendel hos fysioterapeut