ErgoterapiErgoterapeutar gjev tenester til born/unge, vaksne og eldre som har vanskar med å utføra daglege aktivitetar grunna ulike funksjonsvanskar. Tiltaka har som mål å fremja deltaking, meistring og sjølvstende på alle arenaer der ein ferdast. Kva kan du få hjelp til?Individuell kartlegging, trening, rettleiing og oppfølging med fokus på aktivitet og deltakingRåd og rettleiing i forhold til fysisk tilrettelegging av bustader. Dette gjeld både endringar i eksisterande bustad og nye bygg.Rettleiing og trening i forhold til å fungera i dagleglivetHjelp til å søkja om tekniske hjelpemiddel, tilretteleggingstilskot, spesialtilpassa bil m.m.Opplæring i bruk av hjelpemiddelSlik søkjer duEin treng ikkje tilvising frå lege for å få tenester hos ergoterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, ved å møta opp på besøksstad eller ved å sende inn skjema. Kontaktskjema/tilvising til ergoterapiErgoterapeutar i kommunenKva skjer vidare?Kontaktskjema/tilvising vert registrert på venteliste etter prioritet. Du vert kontakta av ergoterapeut for oppfølging. PrisKommunale ergoterapitenester er gratis.