Figur 1. Kart som viser forslag til plangrense.

Varsel om oppstart av planarbeid – Lindenes

I medhald av plan- og bygningslovens §§ 12-3 og 12-8 blir det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for næring og kommunalteknisk anlegg (renovasjon) på gnr. 64, bnr. 9, 30, 298 og del av bnr. 5 og 276 i Ullensvang kommune. Planen har fått planID 46182020007.

Tiltakshavar er Ullensvang kommune. Utførande plankonsulent er Asplan Viak AS. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utvikling av eit framtidsretta gjenvinningsanlegg med tilhøyrande føremål på Lindenes i Ullensvang kommune. Planen skal ivareta både kommunal og privat verksemd som er lokalisert innanfor planområdet.

Planområdet er på ca. 105 daa. Figur på neste side viser forslag til plangrense. Utviding av planområdet ligg i strandsona og i LNF- område i KPA 2007. Området er regulert i reguleringsplan for Rv. 13 Kvitura – Lindenes frå 1993 (planID 12281993001). Denne planen regulerer arealet i planområdet til spesialområde, område for kommunalteknisk anlegg og offentleg trafikkområde.

Ullensvang kommune har vurdert at reguleringsplanarbeidet er omfatta av Forskrift om konsekvensutredning med bakgrunn i dei tiltak som planarbeidet legg til rette for kan få vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn, jf. §§ 8 og 10 i Forskrift om konsekvensutredning. Tema for utgreiinga vil vere landskap, strandsone, forureina grunn og trafikk.

 

Merknader til varsel om oppstart

Varsel om oppstart vil i perioden 19.01.2021 – 19.02.2021 ligge på nettsidene til Asplan Viak AS, www.asplanviak.no/kunngjoringer og her på nettsida til Ullensvang kommune.

Merknader til oppstartmelding kan sendast skriftleg til: Asplan Viak AS, Postboks 2304, Solheimsviken, 5824 Bergen, eller på e-post til kunngjoring_bergen@asplanviak.no

Spørsmål om planarbeidet kan rettes til Asplan Viak AS v/Karianne Eriksen, e-post karianne.eriksen@asplanviak.no

 

Frist for merknader og innspel til planoppstart er sett til 19.02.2021

Naboar, grunneigarar og offentlege høyringsinstansar blir varsla i eige brev. Alle mottatte dokument, merknader o.l. blir sendt til kommunen saman med planforslaget.

Etter merknadsfristen vil planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Ullensvang kommune for saksbehandling. Etter første gangs handsaming blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å gi merknader til planforslaget før planen vert lagt fram for politisk vedtak.

 

PDF av brev frå Asplan Viak: Varsel om oppstart av planarbeid

 

Med venleg helsing
Asplan Viak AS

Karianne Eriksen
Landskapsarkitekt
T: 92628635 | 417 99 417
E: karianne.eriksen@asplanviak.no

Utsnitt av kart som viser forlag til plangrense. Illustrasjon. Figur 1. Kart som viser forslag til plangrense.