Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan Hardanger Lift

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan for Hardanger Lift, i Ullensvang kommune.

Norwegian Experience AS er tiltakshavar, og ynskjer å legge til rette for byggeområde for ein pendelbane mellom Odda sentrum og fjellet Rossnos. Planområdet er ca. 2290 daa.

Planområdet for pendelbanen startar ved Smelteverkstomta aust i Odda sentrum og går 2,7 km i søraustleg retning til fjellpartiet Rossnos. Smelteverkstomta ligg på kote 14, på ei flat tomt på vestleg breidd av elva Opo. Vidare går planområdet i søraustleg retning der terrenget stig på gjennom lauv- og barskog. På toppen av Rossnos (1407 moh.) kjem ein opp i eit høgfjellsterreng ved utkanten av Hardangervidda.

 

Kartutsnitt av Odda med innteikna der Hardanger Lift skal gå. Illustrajon.Oversiktskart

Prosjektmål

Prosjektet sitt hovudmål er tilrettelegging for ein pendelbane mellom Odda sentrum og fjellet Rossnos 1407 moh. Hovudsiktemålet med planlagt pendelbane, er å styrke Ullensvang kommune og Hardanger som reisemål og få til auka verdiskaping og sysselsetting i reiselivsnæringa.

På Smelteverkstomta i Odda legg ein til rette for etablering av stasjon i skalltaket for påstigning, med tilhøyrande teknisk anlegg. Samt publikumsretta funksjonar som ei vidareutvikling av Odda sentrum. Planen legg opp til oppgradering av området i og rundt skalltaket med byggeareal, gangareal, grøntareal, veg og parkering. Ved etablering av stasjonen skal det takast omsyn til eksisterande verna bygningsmasse. Planen skal vidare legge til rette for etablering av stasjon på Rossnos med heilårstilbod som omfattar restaurant, leike- og aktivitetsareal (kortare stinett), samt anna næring- og turistverksemd som naturleg er tilknytt stasjonen.

 

Planavgrensing

Planavgrening er vist med svart stipla linje. Illustrajon.Planavgrening er vist med svart stipla linje.

Avgrensing av planområdet på Smelteverkstomta: Planen grensar mot senterlinje i køyrevegen i vest. Utforminga av dei 2 grøntområde markert som o_G i figuren under eller område FKT_14, kjem ikkje til å bli endra, men er med i planområdet for å kunne gje moglegheit for ei meir detaljert vidareutvikling. Gang- og sykkelvegen langs Opo i aust vert liggjande som i eksisterande plan, men ein vil vurdere mogleg gangtilkomst frå denne til skalltaket. Mot nord er plangrensa lagt slik at heile skalltaket vert med innanfor planområdet.

Avgrensing av planområdet på Rossnos: Plangrensa dekker eit stort område frå toppen på Rossnos og innover fjellet i austleg retning. Utbyggingsområdet for toppstasjon vert eit avgrensa område rundt stasjonen. Grunnen for at vi tar med eit så stort område er at planen kan opne opp for mindre tilrettelegging med gangstiar og utsiktspunkt. Ev. sti for ein rundtur i tilgrensande område til Rossnos.

 

Figuren viser eksisterande detaljreguleringsplanar ved Smelteverkstomta. Nytt planområde er markert med raud stipla linje. Illustrasjon.Figuren viser eksisterande detaljreguleringsplanar ved Smelteverkstomta. Nytt planområde er markert med raud stipla linje. Kjelde: Ullensvang kommune/Nordplan AS/Fylkesatlas.no.

Krav om planprogram/konsekvensutgreiing

Delar av planområdet er ikkje konsekvensutgreidd eller i samsvarar med overordna plan, kommuneplanen sin arealdel (KPA).

Konsekvensforskrifta § 8, planar som skal ha KU dersom dei kan få vesentleg verknad for miljø eller samfunn, jf. § 10, men ikkje ha planprogram.
Jf. § 8 skal reguleringsplanar for tiltak i vedlegg II i forskrifta konsekvensvurderast dersom dei kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn etter vurderingskriteria i §10. Tiltaket kjem inn under pkt. 12. i vedlegg II, turisme og fritid, a) taubaner.

Det er konkludert med at eigenskapar og påverknad på omgjevnaden ved denne utbygginga, kan gje vesentleg verknad på miljø og samfunn jf. konsekvensutgreiingsforskrifta § 10. Dette gjeld spesielt størrelsen og utforming på planområdet. Tiltaket kan ha moglege verknader for miljø og samfunn knytt til kulturmiljø freda etter kulturminnelova samt natur-, frilufts- og landskapsomsyn.

Ut frå konsekvensforskrifta §§ 8 og 10 vil det verta gjennomført konsekvensutgreiing av planarbeida.

Det er mange interesser og aktørar innanfor planområdet og kommunen ønskjer ein open og brei planprosess /medverknad. På bakgrunn av dette er det utarbeida planprogram som del av oppstartsmeldinga.

Aktuelle utgreiingstema som kan ha konsekvensar for miljø og samfunn er:

  • Landskapsbilete
  • Naturmangfald
  • Naturressursar
  • Friluftsliv /by- og bygdeliv
  • Kulturmiljø

For meir informasjon om aktuelle utgreiingstema synar ein til tilhøyrande forslag til planprogram. ROS-analysen vil elles avdekke risiko- og sårbarheit for andre tema i planområdet.

 

Oppstart

Norwegian Experience AS er tiltakshavar og Nordplan AS er utførande konsulent. Informasjon vert å finne på www.ullensvang.kommune.no og www.nordplan.no/kunngjeringar/, inkludert forslag til planprogram.

 

Vidare saksgang og medverknad

Krav til planprosess er fastsett i plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiingar. I arbeidet med detaljreguleringa er det ønskjeleg med medverknad frå ulike grupper som har interesse av planarbeidet.

Planprogrammet blir lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Private og offentlege partar og interessentar blir tilskrivne og invitert til å kome med innspel og synspunkt knytt til planarbeidet.

 

Det vert gjennomført digitalt folkemøte via Google Meet, torsdag 3. des. kl. 1900-2030. Logg på via Ullensvang kommune sine nettsider eller linken (bruk Google Chrome nettlesar): meet.google.com/rtb-hndw-dib.

Fredag 4. des.kl. 0900 – 1500 vert det digitalt kontormøte for dialog enkeltvis, for spørsmål og innspel til prosjekt- og planarbeidet. Krav om påmelding til e-post: at@nordplan.no for avtale om møtetidspunkt.

I begge møta vil representant frå administrasjonen i Ullensvang kommune, plankonsulent og representant frå prosjektet vere til stades.

 

Planprogrammet blir kunngjort i avisa og på nettsidene til Ullensvang kommune og Nordplan AS. I tillegg blir papirutgåve lagt fram til gjennomsyn på innbyggjartorget i Odda.

Det vil bli arrangere folkemøte i samband med utlegging av detaljreguleringa til offentleg ettersyn og høyring.

Varsling og høyring av detaljreguleringa for Hardanger Lift vil skje på same måte som for planprogrammet.

 

Frist for innsending av merknader:

Eventuelle innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til at@nordplan.no eller til postadresse
Nordplan AS v/ Arvid Tveit
Pb. 685
6804 Førde

Frist for innspel: 6.januar 2021

Spørsmål kan rettast til underteikna på telefon 90 68 27 53 eller e-post.

Med helsing
for Nordplan AS

Arvid Tveit
Arealplanleggar

 

Vedlegg: