Info om skatteoppkrevjing frå 1. nov

Frå 1. november 2020 har Skatteetaten overtatt ansvaret for oppgåver skatteoppkrevjar i kommunen til no har hatt. Etter den datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motregning og utleggsstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Du finn meir informasjon på skatteetaten.no. Her kan du finna svar på mange spørsmål og det er moglegheit for å senda inn spørsmål, søknader, bestilling av utskrifter, klagar mm via nett. Treng du meir hjelp, kan du kontakta Skatteetaten på telefon 800 80 000.

Publikumsrettleiinga ved skattekontora er no på grunn av koronasituasjonen berre tilgjengeleg for tilfelle der det er nødvendig med personleg oppmøte. Spørsmål om skatteoppkrevjaroppgåver blir vist til skatteetaten.no eller telefon.