Hald avstand - stopp smittespreiing

Pressemelding 5. mai 2020

Det er no per i dag tatt 146 covid-testar og ikkje påvist smitte i Ullensvang kommune. Innbyggarane har gjort ein stor innsats. Det same har hytteeigarar og besøkande.

Samfunnet vert opna forsiktig opp frametter, jf nasjonale føringar. Strenge smittevernreglar gjeld likevel framleis. Det er bekymring i mange kommunar for at dette ikkje er godt nok kommunisert. Det same ser vi døme på i Ullensvang kommune. Vi vil ha ekstra fokus på smitteverntiltak i verksemder, butikkar og heime. Dei fleste strenge smittevernråda gjeld framleis. Det er avgjerande at innbyggarane, næringslivet og kundar tek smittevern på største alvor. Det skal haldast avstand til andre. Det skal som hovudregel ikkje samlast meir enn 5 personar, utanom dei som bur saman i sine eigen heim. Det er opna for planlagde arrangement på inntil 50 personar på offentleg stad, men dette er kun om strenge smittevernkrav kan overhaldast. Det krev store lokale der det er mogleg å gjennomføra tilstrekkeleg avstand og hygiene. For mange arrangement vil dette difor ikkje vera aktuelt. Arrangement utan ansvarleg arrangør er ikkje tillatt. Arrangøren skal ha oversikt over kven som er tilstades, kvar dei beveger seg og kven dei er i nærleiken av.

Ullensvang kommune har vore heldige så langt. Vi vil no på det sterkaste oppmoda folk om å framleis avgrensa kontakt med andre og følga strenge smittevernråd. 

Vi er opptekne av å ha “låg” smittegrad slik at næringslivet vert skjerma for konsekvensar av koronapandemien så langt det let seg gjera. Næringslivet må halda hjula i gang under strenge smittevernråd. På fritida er det mogleg å avgrensa seg meir. Difor må vi understreka at godt fokus på smittevernreglane på fritida er avgjerande for at helseteneste og næringsliv får løyst sine viktige oppgåver.