Hand som holder mobiltelefon. Foto.

Tilbod om rettleiingsteneste til næringslivet

Ullensvang kommune og Næringshagen i Odda tilbyr rettleiingsteneste til næringslivet

Næringshagen i Odda tilbyr gjennom utviklingsavtalen med Ullensvang kommune, inntil to timar gratis rådgjeving til alle næringsdrivande i Ullensvang kommune.

Tilbodet i rettleiingstenesta:

  • Næringshagen i Odda ynskjer å vera ein samtalepartnar som kan bistå bedriftene med å drøfta både små og store spørsmål i forbindelse med Coronautbrotet.
  • Økonomisk gjennomgang og vurdering på kort og lang sikt
  • Strategi kort og lang sikt
  • Informasjon om krisepakkar og tiltak for Næringslivet og eventuell bistand til korleis søkja.
  • Informera om støtteordningar og eventuelt kunne tilby bistand til søknadsarbeid.
  • Informera om relevante kurs og webinarer som kan vera nyttige for bedriftene. Dersom det er tema som bedriftene ynskjer gjennomgang på, kan det verta aktuelt å setja opp eigne webinarer eller møtearenaer for diskusjon.
  • Næringshagen i Odda deltek i mange relevante fora både mot kommunen, fylket og fleire næringslivsorganisasjonar. NH Odda ynskjer å nytta dette nettverket vårt for kunne spela inn relevante tiltak for næringslivet, samt raskt kunne innhenta informasjon frå nettverket og kunne svara bedriftene i Ullensvang kommune.

 

For å nytta seg av tilbodet, ta kontakt med Næringshagen i Odda via post@nhodda.no eller telefon til Anna Gursli Langesæter, mob: 958 90 237. Me vil då svara på spørsmål. Dersom ein ynskjer ytterlegare bistand, vil det gjennomførast ein kort oppstartssamtale for å kartleggja behovet selskapet har for bistand:

  1. Korleis er verksemda påverka av situasjonen og kva tiltak som allereie er gjennomført
  2. Spørsmål rundt verksemda si finansiering og rekneskapsføring.
  3. Spørsmål rundt kva tenester bedrifta ynskjer bistand til.

 

Deretter vil ein kalla inn til eit møte mellom Næringshagen og selskapet for ytterlegare samtale og bistand.

Me oppmodar også til å melda seg inn i facebook-gruppa «Diskusjonsforum for næringslivet i Ullensvang kommune» der det vert lagt ut relevant informasjon for bedriftene, og ein kan stilla spørsmål.