Covid-19 virus i raude fargar

Pressemelding frå KKL 7. april

Ullensvang kommune har fått svar på 9 nye covid-19 testar. Dei er alle negative. Det er ikkje påvist smitte blant innbyggarane i Ullensvang så langt.

Vi førebur oss på eventuelle endringar i nasjonale tilrådingar.

Kriseleiinga er i beredskap i påsken, og trer saman om situasjonen lokalt endrar seg. Kommunen har tett dialog med politi og sjukehus gjennom påsken. Beredskapen kommunalt og elles er god.

Ullensvang kommune har som resten av Norge førebels for lite smittevern og testutstyr. Nasjonalt sett er det varsla meir leveranse, men ikkje tydeleg avklaring frå fylkesmannen på dette enno.

Nasjonalt er det ekstra fokus på vold og truslar. Vi arbeider aktivt opp mot dette i tråd med dei forhold som er no for tida. Dersom ein er uroleg for noko, tek kommunen ved barnevernet tak i det. Det er fokus på dette systemretta i Ullensvang kommune, hjå barnevernet. Kommunen følger det opp etter beste evne i høve tilhøva. Samarbeidet mellom kommune og politi er godt på dette området.

Skianlegga har fått dei retningsliner som gjeld vidaresendt frå fylkesmannen. Åpne skianlegg er rekna å innebera smittefare. Skianlegga i Ullensvang kommune er stengt per i dag.

Påsken er ei tid der vi vurderer at det er auka smittefare. Innbyggarane bør nytta fine påskedagar til å vera ute i friluft. Her gjeld smittevernråda om å halda god avstand til andre ein ikkje bur saman med. Samtidig er det viktig å følga nasjonale smittevernråd. Tilrådinga er å unngå reising ut av, eller inn til kommunen. Samt redusert fysisk kontakt med andre.

Kommunen vil minna om den lokale forskrifta med innskjerpa reglar om camping, bubil, båt og hytteturisme. Vi vil minna om at restriksjonane i Ullensvang kommune er strengare enn dei nasjonale.

Ullensvang kommune vil takka innbyggarane for god innsats. Folk er generelt sett flinke til å forhalda seg til smittevernråda.

Ullensvang kommune vil takka hytteeigarane som respekterer den nasjonale forskrifta om hytteforbud.

Vi vil ønska alle ein riktig fin påske under spesielle omstende. Og vonar at folk held oppe motivasjonen for å følga strenge smittevernråd.

 

Roald Aga Haug
Ordførar