Ved redusert opningstid i barnehage, SFO og skule

Om Ullensvang kommune driftar skule, SFO og barnehage på raudt nivå, vil det føra til redusert opningstid for mange. Kunnskapsdepartementet har presisert kva som gjeld ved redusert opningstid i skule, SFO og barnehage og tilboda deira om opphaldstid til barn under 12 år av foreldre i samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege behov.

Reglane (lovdata) må samla bli forstått slik at barn med særlege behov og barn som har minst éin føresett i samfunnskritisk funksjon mv. skal ha tilbod i barnehage, SFO eller skule sjølv om dei av smittehensyn driv redusert. Viss den reduserte opningstida gjer at formålet med unntaket i covid‐19‐forskrifta ikkje blir oppnådd, skal barnehage, SFO og skule tilby barnet opphald utover den opningstida dei har lagt opp til. Kor omfattande tilbodet utover den reduserte opningstida skal vera, må vurderast i kvart enkelt tilfelle, og ta utgangspunkt i behovet som skal varetakast. Det tilbodet barn normalt har i barnehagen, på skulen og i SFO vil utgjera ei ytre ramme for kor omfattande tilbodet kan vera. Barn av foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar mv. skal normalt ha eit fulltidstilbod i skule.

Foreldre som arbeider med samfunnskritiske funksjonar må dokumentera at dei har behov for omsorgstilbod til barnet sitt. Dokumentasjonen må vera ei skriftleg stadfesting frå arbeidsgjevar.

 

Verksemder som har personell i kritiske samfunnsfunksjonar

Verksemder som har personell i kritiske samfunnsfunksjonar, må dokumentera at deira tilsette er å rekna som kritisk for evna til å sikra ivaretaking av kritiske samfunnsfunksjonar.

  • arbeidet som skal utførast må vera direkte knytt til evna til å vareta kontinuiteten i den kritiske samfunnsfunksjonen
  • arbeidet kan ikkje utsetjast utan at det vil medføra ei uakseptabel svekking i evna til å halda oppe kontinuiteten i funksjonen.

Den enkelte blir oppfordra til å halda seg oppdatert på heimesida til kommunen.