Kvalitet på drikkevatn

Drikkevatnet i kommunen har god kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi gjer melding om noko anna. Vatnet tilfredsstiller dei strenge krava i drikkevassforskrifta.

Vi tek med jamne mellomrom vassprøver ved dei kommunale vassverka. Klikk på kart for å sjå prøveresultat.

Kokevarsel

Er det endring i kvalitet på drikkevatnet ved kommunale vassverk vil dei som er råka få varsel om dette. Vi varslar på nytt når kokevarsel er oppheva.

 

Kvalitet på drikkevatn – forklaringar

Kvalitet på drikkevatn – forklaringar
KvaKjem fråTiltaksgrense
Koliforme bakteriarEi stor gruppe bakteriar, der mange kan vekse både i vatn og jordsmonn, og i tarmen hjå dyr og menneske.tal 0
E.coliBakteriar som stammar frå tarminnhald hjå menneske eller dyr, og som indikerer at vatn kan innehalda bakteriar som er sjukdomsframkallende.tal 0
Intestinale enterokokkerBakteriar som du finn i tarminnhald frå menneske og dyr.tal 0
FargeMål på synleg farga vatn20 fargeeiningar
TurbiditetMål på om vatn er uklårt.250 FNU
pHMål på surgrad i vatnetTiltaksgrense 6,5 - 9,5