Ordførar

Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang kommune, han vart valt i 2023 og representerar Arbeiderpartiet.

Ordføraren er kommunen sin fremste representant og skal ivareta dei gjeremål som er knytt til dette vervet gjennom lover, forskrifter og reglement.

Øygarden Foto

I følgje kommunelova har ordføraren i oppgåve å leia møtene i formannskap og kommunestyre. Han har møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men har berre stemme- og forslagsrett viss han er valt medlem.

Varaordførar i kommunen er Inger Synnøve Vestrheim, ho representerer Høgre.

Kontakt

Ordførar og varaordførar ynskjer god dialog med innbyggjarane i kommunen. Ta gjerne kontakt. 

Ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil verta handsama i samsvar med «Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd», også kalla offentleglova. Du må rekna med at innhaldet i meldinga di kan verta offentleg tilgjengeleg.

Kalender ordførar - veke 45

Kalender ordførar - veke 45
DagTidKva
Måndag12:00 - 13:00Samarbeidstid ordførar-rådmann
Måndag14:00 - 15:00Næringsmøte
Måndag16:00 - 20:00Innspelsmøte forvaltningsplan for Folgefonna nasjonalpark
Tysdag10:00 - 15:00Oppteke
Tysdag18:00 - 21:00Innbyggjarmøte Jondal - reiselivsstrategi
OnsdagHeile dagenHardangerkonferansen 2025
TorsdagHeile dagenHardangerkonferansen 2025
Fredag11:30 - 13:00Oppteke