Alkoholpolitisk handlingsplan 2024 - 2028

9 Løyveperiode

  • Sals- og skjenkeløyver vert gjeve for inntil 4 år, med opphøyr seinast 30. september året etter at nytt kommunestyret er konstituert, jf. alkohollova § 1-6.
  • Fireårsregelen i alkohollova er knytt til prinsippet om det kommunale sjølvstyre i alkoholsaker. Tanken er at eit nytt kommunestyre skal ha rett og plikt til å utforma eigen alkoholpolitikk i kommunen, og ikkje vera bunde av alkoholpolitikken den tidlegare kommunestyre førte.  
  • Kommunen kan bestemma at løyver ikkje skal opphøyra, men gjelda vidare for ein ny periode på inntil 4 år. Vilkår for å kunna gjera det, er at alkoholpolitikken er gått gjennom etter kommunevalet, jf. alkohollova § 1-6.
  • Ved vidareføring kan det setjast nye vilkår for løyvene.
  • Ein kan få sals- og skjenkeløyve for ein tidsavgrensa periode, for ein bestemt del av året eller for eit einskildhøve.

Rådmannen ynskjer å leggja opp til ein forenkla søknadsprosess ved handsaming av ny løyveperiode for alle sals- og skjenkeløyver. I praksis vil dette løysast ved at løyvehavarane må senda inn eit oppdateringsskjema til løyvemynde. Dette skjemaet vert sendt frå kommunen på vårparten 2024. På denne måten får ein sikra seg at alle løyver har oppdaterte opplysningar.