Eigedomsskattenemnder i kommunen

Kommunestyret vel sjølv medlemmer og varamedlemmer til Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt og Klagenemnd for eigedomsskatt, og blant medlemmene leiar og nestleiar. 

I tillegg skal det veljast varamedlemmer. Vedtaket kan ikkje delegerast til formannskapet. Valperioden fylgjer kommunevalperioden. Faste medlem av formannskapet kan ikkje vere med i eigedomsskattenemnder jf. eigedomsskattelova § 21. Viser elles til kommunelova og eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune.

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt

Med heimel i eigedomsskattelova § 8 A-3 (4) vel kommunestyret ei sakkunnig nemnd for eigedomsskatt til å verdsetja eigedomar i Ullensvang kommune på bakgrunn av forslag frå synfaringsmenn. Sakkunnig nemnd skal ha minst tre medlemmer jf. kommunelova.

Medlemmer i sakkunnig nemnd

Eigedomsskatt - Medlemmer i sakkunnig nemnd
VervNamn
LeiarVidar Solvi
NestleiarIsak T. Reisæter
MedlemLiv Eikemo Opdal
Vara 1Knut Byrkjenes Hauso
Vara 2Liv Sollesnes
Vara 3Knut Flatebø

Klagenemnd for eigedomsskatt

Med heimel i eigedomsskattelova § 20 vel kommunestyret klagenemnd for eigedomsskatt. Dei skal handsama klager når skattytar ikkje får mehald eller berre delvis medhald i Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt. Klagenemnd for eigedomsskatt skal ha fem medlemmer jf. eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune pkt. 1.2.

Medlemmer i klagenemnd

Eigedomskatt - Medlemmer i klagenemnd
VervNamn
LeiarPer Helge Sekse
NestleiarOlav Magnus Hammer
MedlemNils Petter Freim
MedlemEvelyn Sekse Haustveit 
MedlemKjellaug Hoås Samland
Vara 1Knut Bårtvedt
Vara 2Lars-Arne Eide
Vara 3Bente Bjotveit
Vara 4Emil Tomasgard
Vara 5Margreta Sandvin Eiken