Søk eller sei opp plass i kulturskulen

Hovudopptak til elevplassar i kulturskulen er kvar vår, men vi tek imot påmelding heile året. 

Søk plass

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mai kvart år.  For å melda deg eller dine born på til våre tilbod, må du søkja via SpeedAdmin (vårt administrasjonssystem). 

Om du er ny må du opprette ein brukar i systemet. Når du er registrert skal du få tilsendt eit passord frå kulturskulen. Får du ikkje dette, eller har gløymt det ved eit seinare høve, ta kontakt med oss. 

Søk plass

Kulturskulen følgjer skuleruta

Kulturskulen si undervisning følgjer skuleåret med nokre små skilnadar knytt til undervisningsstart/-avslutning. 

Kulturskulen har same fri-, ferie- og planleggingsdagar som skulane i kommunen. 

Skuleruta finn du her

Seia opp plass

Skal du seia opp plass ved kulturskulen, kan du gå via SpeedAdmin og følgje oppskrifta der. Får du ikkje til å seia opp plass, send ein e-post til kulturskulen.

Frist for å seia opp plassen for komande:

  • haustsemesteret 1. april
  • vårsemester 1. desember

Melder du deg av etter fristen, må du betale semesteravgift.

Sei opp plass

Vedtekter og retningslinjer

Våre prisar

Merk! Det er mogleg å leige instrument i mange av disiplinane.

Kulturskulen
GebyrEiningSats 2025
Gruppeundervisning 40 minper semester1 900
Gruppeundervisning 60 minper semester1 900
Individuell undervisning 30 minper semester1 900
Storgruppeundervisningper semester1 525
Leige av instrumentper semester700
Ekstraundervisning 15 minper semester950
Utstyrsavgift, visuell kunstper semester700
Årstimepris, kjøp av instruksjon barn/ungdomper år5 500
Årstimepris, kjøp av instruksjon vaksneper år10 500

Våre tilbod