Vil du bli privat avlastar?

Me har kontinuerleg behov for nye avlastarar for barn og unge med funksjonsnedsetjingar eller andre utfordringar. Som privat avlastar gir du støtte til familiar som treng hjelp i ein krevjande omsorgssituasjon. Du bidreg til at pårørande får ein tiltrengd pause og tid til seg sjølve.

Kven kan bli avlastar?

Alle kan bli avlastar, men det blir lagt vekt på:

  • Personlege eigenskapar og omsorgsevne.
  • Erfaring med barn og unge, anten frå privatlivet eller arbeidsliv.
  • Evne til å setje i gang aktivitetar og skape ein trygg relasjon.
  • Erfaring med barn og unge med nedsett funksjonsevne er ein fordel.
  • Gyldig politiattest er påkravd.

Kva inneber det?

  • Du gir støtte til barn og unge (0-18 år) som treng ekstra oppfølging.
  • Du samarbeider med familien om ein plan for avlasting.
  • Arbeidstida blir avtalt, typisk ettermiddagar i veka eller dag/kveld i helg.
  • Arbeidet kan skje heime hos avlastar eller i heimen til familien.
  • Aktuelle aktivitetar varierer etter barnet sine behov og interesser. 

Vilkår

  • Du blir fast tilsett i kommunen.
  • Du får løn etter forskrift om arbeidstid for avlastarar og sentral særavtale SGS 1030.

Slik blir du privat avlastar

Meld deg som privat avlastar

Du kan og senda Tildelingskontoret ein e-post med namn og telefonnummer. Vi ynskjer ikkje at du oppgir andre personopplysningar i e-post.