Kva gjer ein fritidskontakt?
Nokre mennesker treng hjelp for å koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Fritidskontakten er den hjelparen som bidreg til å gje andre meir meningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minner. Kva dei gjer er opp til den som treng hjelp eller besøk.
Du må søkja om å bli fritidskontakt.
Krav til søkjar
- Du må vera over 16 år
- Du må leggja fram politiattest
- Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn, opplæring og oppfølging får du av fagfolk. Du bør vera sosialt engasjert og ha evne til å finna på aktivitetar og finna glede i å hjelpa andre menneske. For å skapa stabilitet for brukaren, bør du kunna binda deg over ein lengre periode.
Slik søkjer du om å jobba som fritidskontakt
Meld deg som fritids-/støttekontakt
Du kan og senda oss ein e-post til Tildelingskontoret med namn og telefonnummer. Vi ynskjer ikkje at du oppgir andre personopplysningar i e-post.
Kva skjer vidare?
Når vi har mottatt søknaden din vil vi så snart som mogleg ta kontakt med deg for å avtale ein samtale/eit uformelt intervju.
Ledige oppdrag som fritidskontakt varierer. Vi vil saman med deg sjå om vi har aktuelle oppdrag å starte opp med på det tidspunktet, eller om søknaden din vert lagt i ein søknadsbank.