Treningstilbod

Pasientar som lever med kreft, eller som har hatt kreft tidlegare kan delta i eit tilrettelagt treningstilbod leia av fysioterapeut. Treninga har som mål å styrkje fysisk kapasitet, redusere plager og gje ein trygg og sosial møteplass i kvardagen.

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er for:

  • Personar som er under kreftbehandling
  • Personar som har gjennomført behandling
  • Personar som lever med kronisk eller langtkomen kreft
  • Både kvinner og menn, uavhengig av diagnose og funksjonsnivå

Deltakarane må kunne kome seg til og frå treninga på eiga hand, og kunne delta sjølvstendig i enkel stasjonstrening. 

Kva kan du få hjelp til?

Trening for kreftpasientar har godt dokumentert effekt. Forskning viser at fysisk aktivitet kan:

  • redusere biverknader under behandling
  • motverke tap av muskelstyrke og kondisjon
  • styrkje energi, livskvalitet og psykisk helse
  • bidra til raskare tilbakekomst til normal funksjon
  • redusere risiko for livsstilssjukdomar og seineffektar etter behandling

Innhaldet i treningstilbodet:

Tilrettelagt trening

Økta varer i 60 minutt og inneheld styrketrening, kondisjon, koordinasjon, bevegelegheit og avspenning. Det blir brukt enkelt utstyr som strikk, frie vekter og eigen kroppsvekt. Fysioterapeuten tilpassar øvingar etter behov.

Individuell kartlegging før oppstart

Alle deltakarar blir kalla inn til ein individuell samtale for å kartleggje helse, funksjon og eventuelle avgrensingar. 

Sosial møteplass

Etter trening er det mogleg å vera med på ei uformell sosial samling for dei som ynskjer det. Mange opplever dette som ein viktig del av tilbodet.  (Med atterhald)

Illustrasjon som viser ei lyspære med beige bakgrunn. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Tid:     Torsdag 13:30 - 14:30

Stad:   Kjellaren på Bokkotunet i Odda

Pris:    25 kr per gong
Du betaler berre for dei gongene du deltek, og får ein samla faktura ved slutten av semesteret.

Slik søkjer du

Gruppetreninga er eit kontinuerleg tilbod. Ein kan byrja kva tid som helst, så lenge det er plass i gruppa. 

Du treng ikkje tilvising, men det er viktig at treninga er avklart med fastlegen din først. Ved påmelding vil du få time til ein startsamtale med fysioterapeut.

For påmelding eller spørsmål ta kontakt med Ergo- og fysioterapitenesta

Andre aktuelle treningstilbod

Vil du helst trene heime? 

Aktiv mot kreft har tilbodet Pusterommet LIVE der du kan delta på treningsøkter som kan gjennomførast heime via livestream eller i opptak. 

Timeplan - Pusterommet LIVE