KreftkoordinatorKreftkoordinator er ein støtte- og ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørande. Koordinatoren har oversikt over relevante tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorga, og kan hjelpe med å koordinere og tilretteleggje slik at du og familien får ein best mogleg kvardag.Tilbodet er retta motPersonar som er ramma av kreftPårørande som treng støtte, rettleiing eller informasjonKva kan du få hjelp til?Kreftkoordinatoren kan mellom anna:Koordinere og legge til rette for at du og familien får ein best mogleg kvardagVere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørandeInformere om tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorga, både lokalt og regionaltGje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabiliteringVere ein samtalepartnar når du treng nokon å snakke medSamarbeide tverrfagleg med andre instansar, både under sjukdom og i etterkant av behandling Informasjon frå HelseNorgePakkeforløp kreftPakkeforløp heim for kreftpasientenDøden - HelseNorgeSlik tek du kontaktOppfølging av Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod. Det betyr at du ikkje treng tilvising frå lege eller sjukehus for å ta kontakt.Du kan ta kontakt direkte på telefon, SMS eller e-post for å avtale tid.SøknadsfristDet er ingen søknadsfrist. Ta kontakt når behovet oppstår.PrisTenesta er gratis.Kva skjer vidare?Når du tek kontakt, vil kreftkoordinatoren vurdere behovet ditt og tilby oppfølging, rettleiing og eventuelt vidareformidling til relevante tenester. Sist endra 25.11.2025 11:06