Kva kan du få hjelp til?
Har du behov for ein tilpassa og trygg bustad, kan du søkje om eit tilrettelagt butilbod i Ullensvang kommune. Målet med tilbodet er å gi deg støtte i kvardagen og bidra til utvikling, meistring og større sjølvstende.
Du bur i ei leilegheit med trygge og føreseielege rammer, der du får høve til å bestemme over kvardagen din. Nokre leilegheiter er ein del av eit bufellesskap med fellesområde, som stove og kjøkken, der du kan delta i felles måltid og sosiale aktivitetar dersom du ønskjer det.
Nokre av leilegheitene har bemanning heile eller delar av døgnet. Du får helse- og omsorgstenester tilpassa dine behov. Bur du i ei leilegheit utanfor bufellesskapet, kan du likevel få tenester og bruke fellesområdet ved behov.