Odda dagsenterOdda dagsenter tilbyr tilrettelagt arbeid for personar med utviklingshemming og andre som har behov for eit strukturert dagtilbod. Her får du delta i praktiske oppgåver innan trearbeid, tekstil, utearbeid og serviceoppdrag. Målet er å skape ein meiningsfull kvardag prega av arbeidsglede, meistring og utvikling. Vi held til i lokala til gamle Låte Møbelfabrikk på Hjøllo. Kven kan få tilbodet?Odda dagsenter er eit kommunalt aktivitets- og arbeidstilbod for personar med utviklingshemming, og andre med behov for dagtilbud.Kva kan du få hjelp til?Dagsenteret er organisert i tekstilgruppe, tregruppe og ei utegruppe.Utegruppa arbeider primært med skog- og ved, samt hage og måking av snø i sesong. Utegruppa tek imot bestilling på ved og leverer på døra. Vår og sommar steller vi hagar for private kundar. Vi hentar og leverer internpost.Odda Dagsenter gir individuell rettleiing og opplæring i ulike aktivitetar som er tilpassa den enkelte sine behov og føresetnader. På denne måten får brukaren i størst mogeleg grad utføre aktiviteten/ arbeidet sjølvstendig og oppleve meistring.Brukarane av Odda Dagsenter skal oppleve tryggleik og trivsel. Dei skal kjenne seg respektert og ha moglegheit til å lære, vere i utvikling og å ta val. Odda Dagsenter skal vere ein god og trygg arbeidsplass.Butikken vårVi har butikk der vi sel produkta vi produserer. Vi tek butikken med oss på handverksmarknad, samt til sentrum før sommar og mot jul. Butikken har opningstid på Hjøllo frå 09:00-15:00 kvar dag.Her finn du oss