HukommelsesteamEr du, eller nokon av dine næraste, ramma av sviktande hukommelse eller demenssjukdom? Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod for personar med demens eller mistanke om demensutvikling. Teamet skal bidra til at personar som har utfordringar med hukommelse og deira pårørande får god kartlegging og eit godt tilpassa tenestetilbod.Hukommelsesteamet består av ergoterapeut, sjukepleiar og vernepleiar, med spesialkompetanse på demens. Demenskoordinator leier hukommelsesteamet og koordinerer tenesta.Kven kan få hjelpPersonar med mistanke om demenssjukdom som har behov for demensutgreiingPersonar med demenssjukdom som har behov for oppfølging etter å ha fått ein demensdiagnosePårørande og vener til personar med demens som har behov for oppfølging/rettleiingHukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod. Du treng ikkje tilvising frå lege eller ha ein diagnose for å ta kontakt. Kva kan du få hjelp til?Tidleg utgreiing er viktig for å vurdere ein demensdiagnose og for å utelate andre sjukdomar. Det er viktig å kome i gang med behandling, vurdere medisinar og setje i verk tiltak tidleg.Utfordringar ein kan oppleve er mellom anna: Gløymer hendingar eller personarGjentar historierForvirring i forhold til stad og tidGløymer innlærte ferdigheiterHar endra eller forsterka personligheitrekkVanskar med å klare seg sjølv i kvardagen t.d. matlaging, personleg stell, økonomi, branntryggleik. Kva kan hukommelsestemeamet hjelpe med: Bistå fastlege i utredning av demenssjukdomHeimebesøk med kartlegging av funksjon og vurdering av hjelpebehovRåd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnararInformasjon om tenestetilbod, og eventuelt hjelp til søknaderIndividuell oppfølging ved behovPrisTenesta er gratis. Ta kontaktAlle som har ei bekymring knytt til demens, for eigen del, som pårørande eller hjelpepersonell kan gjerne ta kontakt.Du kan også ta kontakt via fastlegen din.