Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyve for rørslehemma blir gitt i form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar. Korta gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med framsida godt synleg.

Kven kan få tilbodet?

Bilførar eller passasjer som:

  • Har store vanskar med å bevega deg over ei viss lengde.
  • Har eit særskilt behov for parkeringslette på eit eller fleire konkrete stader, kor det ikkje kan nyttast vanleg parkeringsplasser. F.eks. ved bustad, arbeidsplass, lege, sjukehus eller liknande.

Rørslehemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til bestemmelsesstaden, og ev. følgjast inn. Deretter skal bilførar flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Du kan dermed berre tildelast parkeringsbevis som passasjer, når du ikkje kan forlatast utan tilsyn, sjølv for kortare tid. Dette gjelder f.eks. når søkjaren er sterkt psykisk utviklingshemma, barn under ein viss alder og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv.

Med løyve kan du parkere:

  • På parkeringsplassar reservert for rørslehemma.
  • Gratis på kommunale parkeringsplassar med avgift.
  • Gratis på andre parkeringsplassar med avgift, om det ikkje står at rørslehemma må betale.
  • Stadar der det er kommunal bustadparkering

Løyvet gir deg ikkje lov til å parkere ulovleg som:

  • På fortau eller i kryss.
  • På plassar som er reservert for andre kjøretøy eller grupper, som t.d. ladbare bilar, ambassadar, varebilar, taxi eller bussar.

Slik søkjer du

Søk om parkeringsløyve for forflytningshemma

Vedlegg til søknad (skal lastast opp i skjema):

  • Legeerklæring
  • Passfoto (du kan ta dette med kamera på mobil)
  • Ev. kopi av gyldig førarkort

Søknad vert ikkje blir handsama før vi har motteke både søknadsskjema, legeerklæring og bilete. Manglande dokumentasjon kan føra til avslag på søknad.

Pris

Parkeringsløyve er gratis. Du må sjølv dekke kostnad til legeerklæring. 

Kva skjer videre?

  • Søknaden vert behandla av representant frå kommune og medisinsk sakkyndige.
  • Tildelinga skjer etter ei streng og skjønnsmessig vurdering, der dei som har størst behov vert prioritert. Parkeringsløyve vert fyrst og fremst tildelt dei som i tillegg til sterkt nedsett gangevne, har store problem med å finna parkeringsplass ved bustad eller arbeid og/eller dei som ofte er til behandling på sjukehus, fysio eller liknande.
  • Legeerklæringa er berre det medisinske grunnlaget for vurderinga. Du må og kunne dokumentera at du har eit særskilt behov for parkeringslette.
  • Om dine behov berre er avgrensa til handling eller sosial aktivitet, vil du ikkje få tildelt parkeringsbevis.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lovar og reglar