Ledsagerbevis

Har du behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement? Då kan du søkje om ledsagerbevis.

Kven kan få tilbodet?

Ledsagerbevis er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne som har behov for hjelp eller følgje for å kunna delta på arrangement.

Ledsagerbevis kan vere aktuelt for personar med:

  • Rørsle-, høyrsle-, syns- og/eller utviklingshemming
  • Allergiar
  • Funksjonsnedsetting som følgje av sjukdom; psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lungesjukdommar og anna

Kva kan du få hjelp til?

Eit ledsagerbevis gjer at du kan ha med deg ledsager utan ekstra kostnad. Dette gjeld på arrangement, transport og andre stader der ordninga blir akseptert.

Ledsager har gratis inngang på alle kommunale arrangement.

Praktisk informasjon:

  • Billettar vert lagt ut som barn + ledsager og vaksen + ledsager. Du må sjølv betale ordinær billettpris.
  • Det er den enkelte arrangør eller tilbydar som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis og kva rabatt ledsagerbeviset gir.

Alle som får tildelt tilskot til kultur, idrett og friluftsliv frå kommunen, må godta ordninga med ledsagerbevis på sine arrangement, jf. kommunale retningsliner.

Slik søkjer du

Du kan søkje om ledsagerbevis ved å senda inn søknadsskjema eller kontakte tildelingskontoret for rettleiing. 

Søk om ledsagerbevis

NB! Legg ved (portrett)bilete av den som skal ha ledsagerbevis, bilete kan du ta med kamera på mobil.

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist, søknadar vert behandla fortløpande.

Pris

Det er ikkje krav om eigenbetaling for ledsagerbevis.

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdera behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klaga. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lovar og reglar

  • Ledsagerbevisordninga følgjer kommunale retningsliner for kultur- og fritidstilskot.