Pass på at røykvarslaren fungerer
Det skal vere minst éin røykvarslar i kvar etasje, og han må kunne høyrast i heile bustaden. Tidleg varsling aukar sjansen for å redde seg ut i tide. Sørg for at bustaden har røykvarslarar som fungerer, og test dei jamleg. Batteria må vanlegvis bytast ein gong i året. Dersom du har varig nedsett høyrsel, kan du ta kontakt med ergoterapeut eller tildelingskontoret for å undersøkje moglegheita for å låne utstyr frå Hjelpemiddelsentralen, som for eksempel røykvarslar med lys eller vibrasjon.
Vêr trygg på at du kan bruke sløkkjeutstyret
Sørg for at bustaden har sløkkjeutstyr som du klarer å bruke. Alle bustader skal ha sløkkjeutstyr i form av husbrannslange eller brannsløkkjingsapparat. Sløkkjeutstyret skal vere lett tilgjengeleg. Dersom brannsløkkjingsapparatet er for tungt, kan det vere lurt å ha eit brannteppe eller sløkkjespray i tillegg.
Installer komfyrvakt på kjøkkenet
Ein komfyrvakt har ein sensor som overvaker kokeplatene. Skulle det oppstå fare for brann, utløyser han ein alarm. Dersom ingen reagerer på alarmen, blir straumen til komfyren kutta. Slik bidreg komfyrvakten til å hindre farlege situasjonar ved matlaging. Du kan ta kontakt med ergoterapeut eller tildelingskontoret for å undersøkje moglegheita for å låne komfyrvakt frå Hjelpemiddelsentralen.
Sjekk elektriske produkt
Komfyren er ein av dei største brannfarene i heimen, men òg andre elektriske produkt kan vere brannfarlege dersom dei blir brukte feil. Panelomnar og stråleomnar som blir dekte til, for eksempel av gardiner eller møblar som står for nær, kan lett ta fyr. Det same gjeld dersom omnen er dekka av mykje støv.
Sørg for at apparat som brukar mykje straum ikkje er kopla til med skøyteledning, til dømes panelomnar, flyttbare oljeomnar, tørketromlar og vaskemaskiner. Skjøteledningar er ofte ikkje tilpassa straummengda desse apparata krev, og det kan føre til overoppheting og brann i leidningen.
Det er fort gjort å gløyme kaffitraktaren. Du bør ha ein kaffitraktar som skrur seg av automatisk. Eit anna alternativ er å koble kaffitraktaren til ein tidsbrytar.
Riktig fyring
Riktig fyring og vedlikehald er avgjerande for å unngå pipebrann. Følg bruksanvisningen for din type omn for å fyre riktig. Fyr med tennbrikettar og bruk tørr ved, ikkje brenn papp, julepapir, plast o.l. Ikkje bruk tennvæske, bensin eller anna brennbare væsker i omnen. Pass på at det er god nok avstand til møblar og anna rundt ovnen, og ikkje dekk til omnen med t.d. våte kle.
Vurder alternativ til open flamme
Levende lys skaper stemning, men aukar òg brannfaren. Det finst tryggare alternativ, som batteridrivne bordlys. Unngå bordpynt av mose, kongler og andre tørre naturmateriale. Bruk underlag av metall, porselen eller stein, og hald god avstand mellom lysa.
Røyking
Om du røyker bør du helst gjere dette utandørs, og legg til rette for ein trygg røykeplass. Dersom du røyker inne i huset kan du bruke røykeforkle eller brannhemmande sengetøy for å redusere risikoen. Sikre alltid at sigaretten er slukka og ikkje vert kasta nær brennbart materiale.
Sikre rømningsvegar
Hovudregelen er at alle bustader skal ha minst éin rømningsveg som fører rett ut i det fri. For dei fleste er hovudinngangen den viktigaste rømningsvegen ved brann.
Det er viktig å sørgje for at rømningsvegane ikkje er blokkerte av møblar, lause tepper eller andre hinder som kan gjere det vanskeleg å kome seg raskt ut. Gangen bør heller ikkje bli brukt som mellombels lagringsplass for esker og andre gjenstandar for ofte eller for lenge.