Gode råd mot influensasmitte
FHI råder oss til å skjerpe hygienerutinane om vinteren for å unngå smitte av sesonginfluensa.
Slik vernar du deg mot smitte:
- Vaksiner deg dersom du er i ei risikogruppe.
- Hald avstand frå folk som er sjuke.
- Vask hendene grundig og ofte, særleg etter å ha vore på stadar med mange folk og før du et. Såpe og vatn er førstevalet, men alkoholdesinfeksjon er eit godt alternativ når hendene er tørre og ikkje synleg skitne
- Unngå å røre ved ansiktet med uvaska hender.
- Ved direkte kontakt med sjuke kan bruk av munnbind vurderast.
Slik tek du omsyn dersom du er sjuk:
- Host eller nys i eit papirlommetørkle som du kastar etter bruk, og vask hendene etterpå. Dersom du ikkje har lommetørkle, host i albogen.
- Ved nyoppståtte luftvegssymptom med feber og redusert allmenntilstand bør du hald deg heime. Barn bør også vere heime frå barnehage eller skule.
- Unngå kontakt med personar som er ekstra utsette.
- Risikogrupper kan bruke munnbind innandørs ved høg smitte.