Rus og psykisk helseteneste

Tenesta rettar seg mot menneske med ulike psykiske vanskar og/eller rus, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.

Kven kan få hjelp

Rus og psykiske helsetenester er eit gratis kommunalt lågterskeltilbod til dei som bur i kommunen og er over 18 år. Målgruppa er personar med: 

  • Lettare psykiske helseproblem som t.d. angst eller depresjon.
  • Psykiske lidingar
  • Rusmiddelavhengigheit
  • Behov for oppfølging, støtte eller rehabilitering for å meistre kvardagen betre.

Kva kan du få hjelp til?

Vi er delt i tre områder

  • Jondal: Vik bufellesskap, dagtilbod og oppfølgingsteneste.
  • Kinsarvik: Oppfølgingsteneste og dagtilbod.
  • Odda: Gamle yrkesskulen (24-timars tilbod), oppfølgingsteneste, dagaktivitetstilbod og feltsjukepleie.

Slik søkjer du

  • Ved personleg kontakt; oppmøte eller ved å ringe oss
  • Tilvising frå lege, Nav helseføretak o.l.
  • Søknad via kommunen sitt skjema for helse- og omsorgstenester.

Søk om helse- og omsorgstenester

Tilbodet er lågterskel og krev ikkje formell tilvising.

Søknadsfrist

Det er inga fast søknadsfrist, du kan ta kontakt når behovet oppstår.

Kva skjer vidare?

Når du tek kontakt, vil du bli vurdert for tilbodet og få oppfølging etter behov.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med tilbodet, kan du kontakte kommunen.

Ullensvang kommune