RPH - Rask psykisk helsehjelpRask psykisk helsehjelp (RPH) er eit tilbod til personar som har milde til moderate depresjonsplager, angstplager, og/eller søvnvanskar. Målet er å gje hjelp innan to veker for å førebygge vidare utvikling av problema.Kven kan få tilbodet?Tilbodet er for deg som er over 18 år og busett i kommunen: Har depressive tankar, lite energi og føler deg trøytt og sliten.Opplever indre uro eller engstelse som avgrensar kvardagen.Har utfordringar knytt til samlivsbrot, sjukdom eller andre vanskelege livssituasjonar.Bekymrar deg mykje eller har låg sjølvkjensle.Kjenner deg stressa og manglar initiativ.Er motivert for aktivt endringsarbeid over ein kortare periode. Rask psykisk helsehjelp (RPH) er stengt i veke 27, 28, 29 og 30 grunna ferieavvikling. Førespurnader som kjem inn i denne perioden, vert handsama etter ferien.RPH er ikkje ei akutteneste.Ved behov for akutt hjelp, kontakt fastlegen din eller legevakt på tlf. 116 117Ved øyeblikkelig hjelp, ring 113Tilbodet eignar seg IKKJE for personar som:Har behov for akutt psykisk helsehjelp.Har ei alvorleg psykisk liding.Er tilvist til annan psykisk helsehjelp, som distriktspsykiatrisk senter (DPS).Allereie mottek kommunale tenester relatert til psykisk helse.Kva kan du få hjelp til?Rettleia sjølvhjelp; Tilgang til sjølvhjelpsmateriell via internett (assistertselvhjelp.no), med oppfølging via telefon eller e-post ein gong i veka.Individuelle samtalar; Strukturerte, kortvarige samtalar basert på kognitiv åtferdsterapi (2-15 terapitimar, 45 min per time).Ulike meistringskursSlik søkjer duTa kontakt for å sjå om du er i målgruppa. Det er ikkje mogleg å bestille individuelle samtalar direkte – dette blir vurdert ved første kontakt.SøknadsfristDet er ingen søknadsfrist, men vi er stengt for spørsmål i juli grunna ferieavvikling.Praktiske opplysningarTilbodet er gratis og krev ikkje tilvising frå lege. Samarbeid med fastlege blir likevel oppmoda om undervegs.Kva skjer vidare?Når du tek kontakt, vil du bli vurdert for tilbodet. Dersom du er i målgruppa, får du eit tilbod innan kort tid.KlageDersom du ikkje er nøgd med vurderinga, kan du kontakte kommunen.