Pårørandeskule - hausten 2025

Kurs og temabaserte gruppesamtaler for pårørande til personar med demens.

Praktiske opplysningar

  • Når: 16.09, 23.09, 30.09 og 07.10
  • Tid: kl. 18.00 - 21.00
  • Stad: Eide helsetun
  • Kursavgift: Gratis
  • Mat/drikke: Enkel bevertning
  • Påmelding: Sjå nedst på sida

Kurs vert arrangert av Ullensvang kommune og Nasjonalforeningen Ullensvang demensforening.

Kva er Pårørandeskole?

Pårørandeskole er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Gjennom faglege forelesarar, plenums -og gruppesamtalar, får du kunnskap om demens. Kva følgjer kan sjukdommen ha for personen som vert råka, deg som pårørande og dine omgjevnader?

Pårørandeskole har som målsetjing:

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar.
  • Auka forståing for kommunisering og samhandling.
  • Betra kvaliteten på samværet med personen med demens.
  • Hjelpa pårørande å få betre kjennskap til rettar og aktuelle lover.
  • Korleis få kontakt med hjelpeapparatet? Kven kan hjelpe?
  • Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande i same situasjon.

Kva inneheld kurset?

  • Kurset er over 4 samlingar med følgjande tema:

    Tysdag 16.09.25
    Dei ulike demenssjukdommane. 
    Førekomst, årsaker og symptom, førarkortvurdering v/Torbjørn Bjotveit

    Tysdag 23.09.25
    Kommunikasjon v/Synnøve Bremer Skarpenes

    Tysdag 30.09.25 
    Fysisk aktivitet, hjelpemiddel og velferdsteknologi  v/Kamilla Lauritzen og Celina Ramstad

    Tysdag 07.10.25
    Tenester i kommunen v/Nina Nordeide Torsnes
    Eigenbetaling v/Evy Leivestad
    Kort info om “Sistehjelp” v/Hege Langballe Lyssand

NB: I tillegg blir det pårørandeinnlegg og samtalegrupper. Det kan bli bytt om på programmet dersom uforutsette ting oppstår

På pårørendeskolen vektlegg vi å kunna vera open i trygge  omgivnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal bli verande mellom deltakarane.

Ta kontakt om du har bruk for avlastning for å kunne delta på kurset.

Påmelding

Du kan og melda deg på ved å senda ein SMS eller e-post til:

Liv With, Ullensvang Demensforeining
Tlf: 95 24 60 71
E-post: liv.with@gmail.com

Dagfrid Nilsen, Ullensvang Demensforeining
Tlf: 48 11 25 20
E-post: dagfridnilsen@hotmail.com

Kontakt oss

Hannelore Schweitzer
Demenskoordinator
E-post
Telefon 90 36 17 45

Besøksadresse
Bygdabøen 2
5750 Odda