Raude eple på frukttre. Foto: Skarv Studio

Webinar om støtteordningar til frukt og bær

Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Norge Vestland inviterer til webinar om støtteordningar til frukt og bær – 2. desember, kl. 18.00

Det var stor pågang med søknader om investeringsmidlane til frukt og bær i år og dei nasjonale midlane vart disponert allereie i mai. Statsforvaltaren reknar med at det også vert stor pågang i 2022. For å kome tidleg i gong med søknad om investeringstilskot, vert det arrangerert informasjonsmøtet i haust.

 

  • Målgruppe: Frukt- og bærdyrkarar, rådgjevarar og sakshandsamarar i kommunar i Vestland.
  • Tid: Torsdag 2. desember kl 18.00. (Møtet er ferdig seinast kl 19.30.)
  • Stad: Klikk her for å delta på webinaret 

 

Program

18.00 Velkomen

18.05 Innovasjon Norge Vestland sine støtteordningar til frukt og bær i 2022.

18.45 Nytt frå Statsforvaltaren: Hagebruket i Vestland – ei næring i utvikling

19.05 Spørsmålsrunde

19.30 Slutt

 

Vel møtt!