Trolltunga med Ringedalsvannet og fjell i bakgrunn

Vigsel på Trolltunga sommaren 2023

Ullensvang kommune har no sett av ein dag til vigsel på Trolltunga denne sommaren – datoen er fredag 4. august.

Prøvingsattest

Vi treng ein norsk prøvingsattest frå paret, som viser at det ikkje er hindringar for giftemålet. Norske par får vanlegvis prøvingsattesten sin raskt. For dei som er frå andre land, tek det som regel lengre tid å få dette dokumentet frå Skatteetaten, ofte 5 – 6 veker.

Det som er viktig og som gjeld for alle par, er at dette dokumentet kun er gyldig i fire – 4 – månader. Ein må difor tilpasse tidspunktet for søknaden sin til Skatteetaten, slik at datoen for vigselen er innanfor det tidsrommet som viser på prøvingsattesten.

Gyldig prøvingsattest utstedt i Norge er eit absolutt krav, og antal par vert avgrensa. Her vil “førstemann til mølla” prinsippet gjelde om det vert stor interesse – årets vigselsdag er no fullteikna. 

 

Vedrørande denne dagen

Vi i Ullensvang kommune ser fram til fredag 04. august, og gler oss til å treffa dei som har lyst til å vera med på dette.

Vi håpar på ein solrik, varm og fin sommardag, men det kan vi ikkje lova deg. Alle må difor også ta høgde for dårlegare vèr, og må kle og sko seg deretter. Det er ein relativt lang tur inn til Trolltunga og alle par må gå – både fram og tilbake.

Vigslar denne dagen vil vera ordføraren vår, og vi vil vera tilstades frå kl 12. Vi oppmodar folk om å starte turen kl 8 – 9, og bestille seg parkering oppe på P3 ( Topp )

 

Fotograf for dagen

Vi har erfaring for at det melder seg fotografar som er interessert i å tilby gratis fotografering til dei som gifter seg på Trolltunga. Dette mot at dei får bruka bileta til å reklamera på nettsida si. Skulle det koma henvendelsar om dette, vurderer vi det og kan formidla det til brudepara. Det vert uansett ei sak mellom fotograf og dei som gifter seg. Ullensvang kommune har ikkje ansvar når det gjeld dette.

 

Takk for at du har lyst til å gifta deg i kommunen vår, det set vi pris på!

 

Ullensvang kommune tek ikkje betalt for å via folk på Trolltunga denne dagen, og vi tek kun ansvar for sjølve vigselen. Andre utgifter må paret dekke sjølv.

 

Velkomen til ein prat om du lurer på noko.

Inger Eitrheim Johansen

inger.eitrheim.johansen@ullensvang.kommune.no

900 55 126