Gifteringer liggende på kvit bakgrunn

Vigsel på Trolltunga sommaren 2022

Ullensvang kommune har no sett av ein dag til vigsel på Trolltunga denne sommaren – datoen er fredag 5. august. For dei som har eit ynskje om å gifta seg på denne staden, er det no mogeleg å melda si interesse til kommunen.

Prøvingsattest

Vi treng ein norsk prøvingsattest frå paret, som viser at det ikkje er hindringar for giftemålet. Norske par får vanlegvis prøvingsattesten sin raskt. For dei som er frå andre land, tek det som regel lengre tid å få dette dokumentet frå Skatteetaten, ofte 5 – 6 veker.

Det som er viktig og som gjeld for alle par, er at dette dokumentet kun er gyldig i fire – 4 – månader. Ein må difor tilpasse tidspunktet for søknaden sin til Skatteetaten, slik at datoen for vigselen er innanfor det tidsrommet som viser på prøvingsattesten.

Gyldig prøvingsattest utstedt i Norge er eit absolutt krav, og antal par vert avgrensa. Her vil “førstemann til mølla” prinsippet gjelde om det vert stor interesse.

 

Vedrørande denne dagen

Vi i Ullensvang kommune ser fram til fredag 05. august, og gler oss til å treffa dei som har lyst til å vera med på dette.

Vi håpar på ein solrik, varm og fin sommardag, men det kan vi ikkje lova deg. Alle må difor også ta høgde for dårlegare vèr, og må kle og sko seg deretter. Det er ein relativt lang tur inn til Trolltunga og alle par må gå – både fram og tilbake.

Ullensvang kommune tek ikkje betalt for å via folk på Trolltunga denne dagen, og vi tek kun ansvar for sjølve vigselen. Andre utgifter må paret dekke sjølv.

Vigslar denne dagen vil vera ordføraren vår.

Takk for at du har lyst til å gifta deg i kommunen vår, det set vi pris på!

 

Velkomen til ein prat om du lurer på noko!

 

Familie på Trolltunga i sol. Foto.

Kontakt oss

Inger Eitrheim Johansen

inger.eitrheim.johansen@ullensvang.kommune.no

900 55 126