Vedtak i namnesaker frå Statens kartverk

Statens kartverk har gjort vedtak i namnesakene 2013/122808 – Vefoss mfl. og 2018/111 – Røldalstjørna mfl. i Ullensvang kommune.

Vedtaka er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Der det er både eit hovudnamn og eit undernamn, er det hovudnamnet som vil visast i kartet, og for ev. bruksnamn er det òg hovudnamnet som vil visast i matrikkelen.

Bakgrunn – namnesak 2013/122808 – Vefoss mfl.

Kartverket tok opp namnesak for ein del naturnamn i tidlegare Odda kommune etter nokre lokale innspel. Saka vart teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. Kartverket sende ut høyringsbrev til kommunen 04.12.2013. Kommunen kom med sitt eige høyringssvar dagsett 25.02.2014, og dei refererer òg eit svar frå Inge Reinsnos frå den lokale høyringa. Språkrådet gav tilråding i saka i eit brev dagsett 27.08.2015.

I lista under ligg det ei oversikt over vedtekne namn.

Bakgrunn – namnesak 2018/111 – Røldalstjørna mfl.

I samband med adressering tok Odda kommune opp namnesak for naturnamna Gjuvarsdalen/Juvarsdalen og Røldalstjørni/Røldalstjørn og stølsnamnet Frøystølen/Frøystøl i tidlegare Odda kommune. Kartverket nytta samstundes høvet til å ta med ein del andre naturnamn der det trongst avklaring av skrivemåten, eller som det var ynskjeleg å formalisera for offentleg bruk, serleg frå garden Selland i Røldal. Saka vart teken opp for å avklara rett skrivemåte for offentleg bruk.

Kartverket sende ut høyringsbrev til Odda kommune den 05.02.2018. Ullensvang herad, Sauda kommune og Suldal kommune fekk òg kopi av brevet, sidan nokre av namna låg over grensa til dei. Odda kommune sende over sitt eige og innkomne høyringssvar i brev av 19.06.2018, Sauda sende høyringssvar den 12.04.2018, Ullensvang herad den 16.05.2018 og Suldal kommune den 19.04.2018. Språkrådet gav tilråding i saka i eit brev til Kartverket dagset 06.07.2018.

I lista under ligg det ei oversikt over vedtekne namn.

Rettsleg grunnlag

Når ein skal fastsetja skrivemåten av eit stadnamn for offentleg bruk, er hovudregelen at ein skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen av namnet. Skrivemåten skal fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk, jf. § 4 fyrste ledd i lova. Skrivemåten skal vera praktisk og ikkje skyggja for meiningsinnhaldet i namnet, jf. § 1 fyrste ledd. I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte reglar om korleis stadnamn skal normerast.

I tillegg må det takast omsyn til normeringspraksisen i området og skrifttradisjonen for namnet saka gjeld, og kva som er registrert i Sentralt stadnamnregister (SSR) frå før. Lokale ynske frå dei som har uttalerett skal òg spela inn. Det skal leggjast serleg vekt på ynsket til eigaren når saka gjeld bruksnamn, og skrivemåten som eigaren ynskjer, ligg innanfor regelverket.

Skrivemåten av slektsnamn skal ikkje påverka skrivemåten av stadnamn. Vedtak som gjeld skrivemåten av stadnamn, får heller ikkje fylgjer for skrivemåten av slektsnamn.

 

Bruksnamn

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vera retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. Men etter § 5 tredje ledd i lov om stadnamn har eigaren rett til å fastsetja ein annan skrivemåte av namnet på eige bruk enn den som fylgjer av § 4 fyrste ledd i lova. Føresetnaden er at han/ho kan dokumentera at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn (på offentleg kart, på skilt, i matrikkelen, skøyte e.l.). I so fall må eigaren senda krav om det til Kartverket og leggja ved slik dokumentasjon. Klageretten for namnet i andre funksjonar, t.d. gardsnamnet, fell då bort. Kartverket er formelt vedtaksorgan òg for skrivemåten av bruksnamn fastsette av eigaren.

 

Bruken av vedtekne skrivemåtar

Me vil minna om reglane i stadnamnlova om plikt til å bruka vedtekne skrivemåtar, jf. § 11, særskilt fyrste setning, som har denne ordlyden: «Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd». Det vil seia organ for stat, fylkeskommune og kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut.

Me presiserer at lov om stadnamn regulerer offentleg bruk av stadnamn. Privatpersonar og bedrifter som ikkje er heileigde av det offentlege, er difor ikkje pålagde å fylgja vedtekne skrivemåtar.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vera retningsgjevande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Dersom dette vedtaket vert ståande utan at det vert påklaga, legg me difor til grunn at kommunen vedtek same skrivemåten i ev. adressenamn og adressetilleggsnamn der namnet vert nytta.

Når det er gjort vedtak om adressenamn, adressetilleggsnamn og krinsnamn (grunn-, val-, skulekrins og kyrkjesokn), skal den vedtekne skrivemåten leggjast inn i matrikkelen, og adressenamn i SSR vert oppdaterte frå matrikkelen. Vedtak om adressenamn skal framleis sendast til m.a. Kartverket, jf. § 9 fjerde ledd i forskrift om stadnamn.

Kartverket fører den vedtekne skrivemåten av bruksnamn i SSR, og skrivemåten vert henta inn i matrikkelen derifrå.

 

Klage

Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd.