Oppvekstplan-13

Varsel – Søknad om endring av løyve for utslepp for ny utsleppleidning på Lofthus

Ullensvang kommune har starta arbeidet med planlegging av ny utsleppsleidning på Lofthus. Sjå skisse over eksisterande og planlagd situasjon.

I samband med nytt torg og oppgradering av Lofthus sentrum skal to eksisterande utslepp samlast til eit felles utslepp via ein avløpspumpestasjon. Det er derfor planlagt etablert ny avløpspumpestasjon og ny utsleppsleidning. Anlegget er planlagt brukt som overføringsanlegg på eit seinare tidspunkt og utsleppet vil då sanerast. Det skal også etablerast ein felles slamavskiljar for seks bustader som i dag har påslipp frå separate slamavskiljarar på eksisterande utsleppsleidning. Reinsesystem, reinsegrad og utsleppsmengd vil elles bli ståande uendra frå dagens situasjon.

Det vert herved varsla om at Ullensvang kommune v/Prosjekt og utvikling i samsvar med Forurensningsforskriftens § 13-4 vil søkja om endring av utsleppsløyve for eksisterande avløp på ny utsleppsleidning. Utsleppet vil pumpast til ca. kote -35. Overløpsleidningen blir ført til ca. kote -15.

 

Eventuelle spørsmål eller merknadar må rettast til:

  • Norconsult Norge AS innen 28. mai.

Kontaktperson:
Norconsult Norge AS v/Thea Sophie Johannessen, e-post: Thea.sophie.johannessen@norconsult.com

Kartutsnitt av Lofthus sentrum med innteikna forklaringar på utslepp. Illustrasjon.