Freimslia Plangrense 10.11.22-1

Varsel om planoppstart av detaljreguleringsplan for Freimslia

Varsel om planoppstart av detaljreguleringsplan for Freimslia, endring, PlanID 46182022004

Forslagsstillar: Ullensvang kommune

 

Initiativtakar

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det meldt at Ullensvang kommune set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for Freimslia. Eigedomar innanfor planområdet er: Gnr. 58 bnr. 1, 2, 5, 30, 35, 72, 82, 86, 114, 115, 121, 135, 148, 149, 150, 156, 236, 241, 242, 243, 244, 245, 248, 251, 283, 288, 291.
Gnr. 57 bnr. 1, 65, 66.

 

Planstatus og føremål

I den gjeldande kommuneplanen sin arealdel frå 2007 er området sett av til framtidig bustadområde og LNF-område (PlanID 12282007001).

Planområdet er per dags dato detaljregulert etter gjeldande detaljreguleringsplan for Freimslia frå 2002. Området er regulert til bustads- og blokkbusetnad, offentleg friområde, offentleg trafikkområde, samt område for rassikringsvoll gjennom reguleringsplan for Freimslia (PlanID 12282002002).

Føremålet til detaljreguleringsplanen er å leggje til rette for ein ny plassering av skredsikringsvoll i eit område som per dags dato er regulert til utbygging av bustader.

Detaljreguleringsplanen vil erstatte gjeldande reguleringsplan for Freimslia (PlanID 12282002002).

 

Avgrensing av planområde

Planområdet er på 57 daa. Kart som syner avgrensinga er vedlagd.

 

Viktige tilhøve

Planarbeidet skal spesielt vurdere problemstillingar knytt til skred og skredsikring, infrastruktur og bustadutbygging. Andre problemstillingar som og skal vurderast er flaum og skred, landskap og nærmiljø, estetikk, samt barn og unges interesser.

Ullensvang kommune har vurdert at planarbeidet ikkje er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing. Vurdering av planlagde tiltak opp mot forskrifta ligg som eit eiga kapittel i det vedlagde grunnlagsdokumentet.

 

Merknader til varsel om oppstart

Eventuelle merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vere av interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til Ullensvang kommune.

  • Frist for å kome med innspel er sett til 13.01.23

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Ullensvang kommune ved Viola Starr på e-post.

 

Merk innspel/merknad med“Detaljreguleringsplan Freimslia, PlanID 46182022004”.

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no