Duk

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Røysi, del av Lofthus sentrum

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det meldt at Ullensvang kommune set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for eigedomane gnr. 174 bnr. 188, 221, 93, 196, 36, 78, 25, 58, 18, 3, 38 og deler av bnr. 191 på Lofthus.

Planavgrensing er vist på kartutsnitt – følg lenkja her.

Føremålet til detaljreguleringsplanen er å leggje til rette for eit meir attraktiv sentrum på Lofthus. Det skal skje gjennom strandpromenade og offentleg parkareal kombinert med tilrettelagt areal for festivalar og arrangement, betre tilhøve for trafikk og parkering, samt leggje til rette for eit nytt kombinert bygg der det kan etablerast forretning, bustad og offentlege toalett.

Frist for å kome med innspel er sett til 06.07.22

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Ullensvang kommune ved Wermund Vetrhus på e-post wermund.vetrhus@ullensvang.komune.no.

 

Merknader og innspel

Eventuelle merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vere av interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til Ullensvang kommune.

Dette skal merkast med “Detaljreguleringsplan Røysi, del av Lofthus sentrum PlanID 46182022001”

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no