Egne Hjem-1

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Egne Hjem

Melding om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Egne Hjem.

Initiativtakar

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det meldt at Ullensvang kommune set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for Egne Hjem. Eigedomar innanfor planområdet er gnr. 63 bnr. 1, 3, 5, 6, 8, 11, 15, 18, 20, 28, 29, 33, 34, 111, 170, 182, 183, 184, 192,196. Gnr 64. bnr. 11, 13, 14, 15, 16, 17, 19, 26, 27, 28, 31, 32, 33, 34, 36, 37, 38, 39, 74, 76, 95, 98, 208, 211, 212, 273, 285, 306, 312, 326, 327, 328.

 

Planstatus og føremål

Planområdet er i dag regulert til bustad, veg, parkering, anlegg for leik, offentleg friområde og industri i reguleringsplan for Egne Hjem og Tokheim. Planen vil erstatta delar av desse planane. I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til bustad og hovudveg.

Føremålet med planen er å utbetra trafikksituasjon ved Fylkesveg 49 ved Egne Hjem. Betra tilbodet for mjuke trafikantar, etablering/flytting av busslommer, trygge kryssingspunkt for mjuke trafikantar, betre belysning, betra avkøyrsletilhøve, utbetring av kryss, betra parkeringstilhøve og generell opprusting av gatestruktur.

Riving av bustader vert vurdert for å få til ei god løysing på utbetringa. Utviding av vegen og betre løysingar for mjuke trafikantar er ei samfunnsmessig god løysing. Vegen er i dag nytta av born og unge, og det er viktig at dei får ein trygg skuleveg. Fylkesveg 49 ved Egne Hjem har ein ÅDT på 4200 bilar i 2020, om lag 8% er tungtransport. Trafikktryggleikstiltak for mjuke trafikantar er naudsynt i området, då gong- og sykkelveg er delvis ikkje eksisterande.

 

Avgrensing av planområde

Planområdet er på 45 daa, kart som syner avgrensinga er vedlagd – sjå vedlegg nedst på sida.

 

Viktige tilhøve

Planarbeidet skal spesielt vurdere problemstillingar knytt til trafikktryggleik, veg- og trafikksituasjon, parkering, eigendomsinngrep, naturfare, omsyn til naboar, kollektivtrafikk, støy- og luftforureining, folkehelse og born- og unge. Andre problemstillingar som og skal vurderast er strandsone, vassdrag, skule og barnehage, kulturminne, risiko og sårbarheit, landskap og estetikk.

Ullensvang kommune har vurdert at planarbeidet ikkje er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing. Vedlagd ligg ei vurdering av planlagde tiltak opp mot forskrift om konsekvensutgreiing.

 

Merknader til varsel om oppstart

Eventuelle merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vere av interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til Ullensvang kommune.

  • Frist for å kome med innspel er sett til 05.12.22

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Ullensvang kommune ved Håvard Apold.

 

Merk innspel/merknad: “Detaljreguleringsplan for Egne Hjem, planID 46182022005”, og send det til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no